300 demonstrerte mot barnevernet i Stryn

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Stryn Aksjonen var gjennomført i nært samarbeid med politiet gjennom gatene i Stryn. FOTO: ANNE-MARI TOMASGARD
Stryn Aksjonen var gjennomført i nært samarbeid med politiet gjennom gatene i Stryn. FOTO: ANNE-MARI TOMASGARD

Under parolar som «Vakn opp Norge» og «Ikkje knus familien – bygg opp» aksjonerte fleire hundre menneske i Stryn laurdag for eit endra barnevern i Norge.

Det skal ha vore liknande demonstrasjon i 20 andre land rundt om i verda. Stryn var ein av få stader i Norge og einaste staden på Nordvestlandet.

Kor mange som deltok i Stryn er ikkje heilt lett å slå fast, men eit grovt anslag er at det nok var rundt 300.

Mot maktmisbruk

Aksjonistane understreka at det ikkje var ein demonstrasjon mot barnevernet, men mot det dei meiner er maktmisbruk i barnevernet.

Dei ønskjer respekt for menneskerettar.

Folk kom frå eit stort distrikt for å vere med i aksjonen i Stryn – blant anna frå Sunnmøre. Her var små barn med t-skjorter, der det stor «Kvar er søskenbarna mine?» og det var besteforeldre med plakat der det gjekk fram at dei må ha rett til å sjå barnebarna sine.

EU-politikar deltok

EU-parlamentarikar Tomas Zdechovsky frå Tsjekkia deltok på Skype. Han har engasjert seg i saka og sa mellom anna følgjande:

– Nordmenn er kjekke folk og de har eit fantastisk land, men barnevernet gjer mange feil og det må kritiserast. Det er uakseptabelt, og difor vil eg endre dette, sa han og la til at om det ikkje blir endring på dette vil Norge få eit problem med omdømet sitt.

KILDE

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*