Advokat meiner sakkunnige er kjøpt og betalt av barnevernet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Advokat Louis Anda meiner barnevernet og sakkunnige i omsorgssaker har for tette band. Han meiner det må bli slutt på at det er barnevernet sjølve som får peike ut sakkunnige.

– Dei sakkunnige er ikkje uavhengige nok. Det er ofte barnevernet som engasjerer og betaler desse personane. Dei sakkunnige har som ein del av levebrødet å komme tilbake til barnevernet seinare. Eg meiner dei difor blir kjøpt og betalt, seier Louis Anda.

Han meiner barnevernet og dei sakkunnige lever for tett på kvarandre til å vere heilt uavhengige.

Viser til to konkrete tilfelle

Anda nemner to konkrete døme på det han meiner er for tett kontakt:

– I ein kommune på Vestlandet har det vore ein sakkunnig inne, som i stor grad har gått på tvers av det det kommunale barnevernet meiner. Den sakkunnige meiner at barnevernet ikkje bør overta omsorga for barnet, men at ein løyser problemet på ein annan måte. No har kommunen kasta denne sakkunnige og engasjert ein ny, seier Anda.

Han fortel vidare om situasjonen i ein annan kommune.

– Dei undersøkingane som blei gjort av den sakkunnige er gjort etter oppskrift og diktat frå barnevernstenesta. Det er lite i særs lita grad tatt omsyn til å vende seg til dei kjeldene og dei som har informasjon i saka, som den private parten ynskjer, seier Anda.

– Er ofte engasjert på førehand

Dersom barnevernet og foreldre er usamde om kven som skal ha omsorg for eit barn, kjem saka opp for Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Det kommunale barnevernet hentar då ofte inn sakkunnige for å opplyse saka.

– I dei sakene eg har hatt, er det nesten utan unnatak sakkunnige som kommunen har engasjert på førehand, seier Anda.

Kjenner seg ikkje att

Han er uroa for at borna sin rettstryggleik ved at sakkunnige blir pressa ut av det kommunale barnevernet. Barnevernsleiar Bjarte Gangeskar i Gloppen kjenner seg ikkje igjen i Anda si skildring.

– Dei åra eg har jobba i barnevernstenesta, har eg henta inn sakkunnige frå heile landet alt etter kva saka dreier seg om. Det er ikkje slik at vi er avhengige av to-tre psykologar for å få ei sakkunnig uttale. Eg kjenner meg ikkje igjen i denne påstanden frå Anda.

Heller ikkje Kjetil Kvalvik, leiar i barnevernsnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane, ser forholdet som eit problem. Fylkesnemnda kan også peike ut sakkunnige sjølv, men det skjer sjeldan.

– Kommunen har plikt til å opplyse saken. Erfaringsmessig finn vi at saka er godt nok opplyst til at vi kan ta ei avgjerd, seier han.

Vil ha endring

Rapportar frå sakkunnige blir behandla av ein eigen uavhengig komite, før Fylkesnemnda får saka på bordet.

Anda meiner dette ikkje sikrar uavhengigheita godt nok, og meiner at Fylkesnemndene sjølve bør peike ut sakkunnige til å greie ut saker.

Han meiner Fylkesnemndene bør overta ansvaret.

– Uavhengigheita mellom partane vil bli betre om ein gjer det til ein hovudregel at fylkesnemnda oppretta sakkunnig.

Barne- og likestillingsdepartementet seier det kan bli aktuelt å la Fylkesnemndene peike ut sakkunnige i barnevernssaker. Statssekretær Maria Hoff Aanes seier regjeringa vil evaluere Fylkesnemndene i tida framover.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

4 Kommentarer

  1. Så bra at dette får se dagens lys! Det er helt utrolig at barnevernet i Norge har fått holde på som dem gjør i alle disse årene. Jeg oppfordrer alle til å be familie og venner om hjelp istedenfor å spørre barnevernet. Det er mange av oss som har barn med adferdsvansker, men styr for all del unna bv. Bytt skole hvis skolen ikke gjør jobben sin ordentlig. Det er mange som har blitt truet med omsorgsovertakelse, både foreldre og barn, som har fått inn en sakkyndig som har vært inhabil i forhold til barnevernet. Da går gjerne resultatet i barnevernets favør, selv om det ikke er riktig. Og sånn kan vi ikke ha det!

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*