Barn blir tatt frå foreldra utan grunnlag

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Advokatane Skretting og Thiis meiner å sjå ei utvikling der barn blir tatt vekk frå foreldra fordi foreldra ikkje passar inn i norma i samfunnet.
Advokatane Skretting og Thiis meiner å sjå ei utvikling der barn blir tatt vekk frå foreldra fordi foreldra ikkje passar inn i norma i samfunnet.

– Stadig fleire barn med foreldre som ikkje passar inn i A4-malen i velferds-Noreg, blir overtatt av barnevernet. Det meiner to advokatar som ofte har sett dette skje. – Vi er ikkje kjent med ein slik tendens, svarer barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Advokatane Arnhild Skretting i Stavanger og Venil Katharina Thiis i Trondheim går no ut og roper eit varsku mot ein tendens dei meiner brer seg i barnevernssaker her i landet.

 Om det oppstår ein reell akuttsituasjon, seier lova at ein først skal plassere barnet i nærleiken, hos familie eller vener.

– Vi meiner å sjå ein tendens til at barnevernstenesten bruker akuttvedtak som ein start på ein omsorgsovertakingssak. Det er ikkje slik akuttvedtak skal brukast, seier Venil Katharina Thiis.

– Denne praksisen må stoppe

Advokatane hevdar at barn blir tatt frå familiane sine utan at det er grunnlag for det.

– Ofte blir barna plassert i fosterheim utan at nokon i den næraste familien er vurdert. Denne praksisen må stoppe, seier Arnhild Skretting.

– Vi er på veg mot ei samfunnsutvikling der det blir slik at om du ikkje har riktig farge, om du er ung mor eller barnevernsbarn sjølv, så tek vi òg frå deg barna dine, seier ho.

Som advokat i barnevernssaker i Rogaland har ho erfart dette ofte dei siste åra.

Advokatar: – Maktovergrep

Tendensen er den same også i Trøndelag, mener advokat Venil Katharina Thiis.

– Mange trur at det er påvist grov omsorgssvikt når barnevernet grip inn akutt, men det er ikkje sant, seier Thiis.

– Barnevernet bruker den heimelen i lova som går ut på at ein meiner at foreldra ikkje klarer å gi god nok kontakt og tryggleik til barnet. Det er det som i dei fleste tilfella i Noreg i dag er bakgrunnen for at ein går inn og tar over omsorga, seier Thiis.

Advokatane meiner at det som ofte skjer, er eit maktovergrep mot familiar som er i ein sårbar situasjon.

Arnhild Skretting meiner det kan samanliknast med det som vart gjort mot taterar for fleire tiår sidan. 

– Det går rett og slett ut på å sortere ut kven som kan få vere foreldre, og kven som ikkje kan det, på eit så tidleg tidspunkt som muleg. Det er ein totalitær tankegang, og ei form for utreinsking og sortering av barn som eg syns er veldig tvilsam, seier Venil Katharina Thiis.

Får støtte på Stortinget

I Trøndelag har fleire foreldre mista omsorga for ungane sine etter å ha vore på Familiesenteret Viktoria, kor dei trudde at dei skulle få hjelp og rettleiing for å ta seg av ungane. I staden enda det med at barnevernet tok frå dei omsorga. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag skal no ha tilsyn på familiesenteret.

Svein Harberg - Svein Harberg (H), leiar i kultur- og familiekomiteen på Stortinget. - Foto: Foto: NRK /
Svein Harberg (H), leiar i kultur- og familiekomiteen på Stortinget.FOTO: NRK

Leiaren i kultur- og familiekomiteen på Stortinget, Svein Harberg frå Høgre, deler uroa til advokatane Skretting og Thiis.

– Eg syns vi har fått mange uromeldingar i det siste. Dei handlar om at prosessane rundt tidleg innsats for barn ikkje fungerer som dei skal. Målet med tidleg innsats er jo å hjelpe til slik at barnet kan vere i ein familie der foreldra er, og der dei kan få dette til å fungere på ein god måte. Det er der vi må sette inn innsatsen, meiner Harberg.

– Ikkje kjent med ein slik tendens

Mari Trommald - Mari Trommald, direktør i Bufdir. - Foto: Kay Myhre /
Mari Trommald, direktør i Bufdir.

FOTO: KAY MYHRE

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er ikkje kjent med tendensen som advokatane åtvarar mot.

I staden får dei ofte kritikk for at barnevernet grip inn for seint, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.

– Vi er ikkje kjent med at det har vore reist ein generell kritikk på dette området.
Om dette er ei utvikling som advokatar eller andre bekymrer seg for, vil vi gjerne at dei tar opp dette med oss, seier Trommald. Dersom det gjeld enkeltsaker, bør fylkesmannen få varsel.

– Det skal vere gjort ei god og grundig vurdering i forkant hvis barnevernet skal ta barnet frå foreldra, seier ho.

– Barnevernet er først og framst ein hjelpar for foreldra, slik at dei best muleg kan ta vare på ungane sine. Samtidig må barnevernet gjere det som er best for barna. Dersom barnevernet meiner at det beste for barnet er å ta omsorgen frå foreldra, må barnevernet følge opp det, seier Mari Trommald.

– Kva med sakene der den biologiske familien til barnet ikkje er vurdert som fosterheim?

– Det er svært viktig at familien til barnet blir vurdert som omsorgspersonar først. Det gjeld både små og større barn. Ei slik vurdering skal gjerast før andre enn familien får omsorgen, seier Trommald.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*