Barna sa dei hadde blitt slått. Men det var mange brester i forklaringane

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Foreldreparet blei først dømde for barnemishandling. – Vi er så letta, seier frifunnen stemor.

Det var vanskeleg heime. Det var barn med spesielle behov. I 2013 blei tre av dei fem barna i familien tatt hand om av barnevernet, i ein felles aksjon med politiet i Sogn og Fjordane.

I fjor blei far og stemor dømde i tingretten til ti månadars fengselsstraff, fire av dei utan vilkår, for å ha slått, sparka og mishandla dei tre barna.

Så kom dommen frå ankesaka i lagmannsretten.

Der er foreldra frifunne av Gulating lagmannsrett for mishandling. Dommarane skriv at dei, basert på vitna, dokumentasjon frå barnevernet og dommaravhøyr av barna, ikkje finn prov for at mishandling har skjedd.

– Vi er så letta. Det har vore ei stor belastning, seier stemora til dei tre barna til BT.

Hunden som likevel var i live

Blant forklaringane til barna var det fleire logiske brester, ifølgje dommarane. Blant anna skulle ei bestemor ha sprunge etter eitt av barna med øks. Men bestemora trong krykker for å bevege seg, så dommarane meinte å kunne sjå bort frå det.

Ifølgje eit av barna kvelte faren familiens hund på sofaen i stova, før han skaut han. I røynda var hunden omplassert, og i live.

Eit avhøyr av eine barnet, skriv dommarane, bar preg «av at han hadde en ‘ferdig liste’ over hva han skulle si». Dei tre barna fortalde alle om at dei hadde blitt utsett for vald, men var lite konkrete på korleis. Forklaringar endra seg på sentrale punkt: Eit av barna fortalde ein gong at faren hadde trakka på foten, slik at ungen falt ned trappa. Seinare var forklaringa at barnet først blei kasta, og seinare dytta ned trappa.

Dei tre barna er under barnevernets omsorg i dag.

– Vi har ikkje sett dei, ikkje møtt dei. Vi var opptatt av at dei skulle bli skjerma, dei skulle få eit godt liv. I dag veit vi ikkje kva som skjer, seier stemora.

Ho fortel at økonomien er gått i grus på grunn av saka, der mannen ikkje har søkt på jobb på grunn av valdsmistankane. Også hennar jobb har vore sett på spel, ifølgje kvinna.

Hypotese om vald

Barnevernet i kommunen får kritikk i dommen.

«Lagmannsretten har forståelse for at hjelpeapparatet legger et barn/pasients opplysninger til grunn i et behandlerperspektiv. Det er imidlertid mer problematisk å ukritisk legge opplysningene til grunn som et faktum i en straffesak.»

Dommarane skriv at den biologiske mora til dei tre ungane hadde stor påverknad, både på barna og på det lokale hjelpeapparatet.

«Lagmannsretten kan ikke utelukke at (biologisk mors) kontakt med barna og hjelpeapparatet har medført at både barnevernet, BUP og PPT etter hvert fikk en arbeidshypotese om at det ble utøvet vold», står det i den 15 sider lange dommen.

– Vi må ta dommen til etterretning. Vi har ikkje fått tid til å sjekke premissa i dommen. På generelt grunnlag er det barns stemmer som tel i kommunens arbeid for utsette barn. Etter barnekonvensjonen er det barns rettar som ligg til grunn, seier rådmannen i den aktuelle kommunen i Sogn og Fjordane.

– Full på festival

Den biologiske mora kontakta gjentatte gongar barnevernet med bekymringsmeldingar.

Blant anna, står det i dommen, melde ho frå om at stemora hadde vore full på ein festival. Seinare var det barnas far ho meinte det var snakk om, før kvinna innrømte at det ikkje stemte.

Bankutskrifter viste at ingen av dei var på staden der festivalen blei arrangert.

I dommen oppfattar dei sju dommarane at den biologiske mora framsette uriktige opplysingar med vilje, slik at hennar tidlegare mann ikkje skulle ha omsorga for dei tre barna.

Dømde for trugsmål

Både far og stemor er derimot dømde til å betale 5000 kroner kvar i bot for trugsmål mot helsesøster og barnevernslederen i kommunen.

Sidsel Rustad, barnas bistandsadvokat, skriv i ei melding til BT at ho i samråd med setteverjen til barna, ikkje ønskjer å kommentere dommen.

Politiadvokat Sissel Kleiven, som var aktor i Gulating, har ikkje svart på BTs spørsmål tysdag kveld.

– Ikkje gått opp for han

Ragnhild Torgersen er forsvararen til faren.

– Han er letta over dommen. Resultatet av dommen har enno ikkje gått opp for han. Han har venta på dette i fleire år, seier Torgersen.

Ifølgje ho og stemoras advokat Ingrid Breistein er bevisa i saka hovudsakleg dei same i tingretten, der foreldra blei dømde, som i anken til lagmannsretten.

– 99 prosent er likt, seier Torgersen.

 

 

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*