Barnevern på ville vegar?

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

BARN Når ein grip inn i ein familie slik ein stundom må, får dette store konsekvensar for både barn og foreldre, skriv artikkelforfattar.
BARN Når ein grip inn i ein familie slik ein stundom må, får dette store konsekvensar for både barn og foreldre, skriv artikkelforfattar.

Barneskulerektor(!) Kjell Runde har eit lettvint, unyansert og lettare konspirasjonsteoretisk innlegg om barnevernet i Sunnmørsposten 26. februar.

«Avsløringane» han kjem med er alvorlege. Om vi tek dette for god fisk, bør det få oss til å riste kollektivt på hovudet over ein etat på ville vegar. Er det verkeleg så gale? Heldigvis for oss alle er kvaliteten på barnevernet sitt arbeid langt betre enn Kjell Runde vil ha oss til å tru.

Han grunngjev mykje av sin ramsalte kritikk mot barnevernet med at han er uroa over rettstryggleiken til barn og familiar. Denne kan barnevernet alltid jobbe med å forbetre. Likevel er eg meir uroa over rettstryggleiken til barna rektor Runde har ansvar for til dagleg. At øvste ansvarlege på ein barneskule har slike haldningar til barnevernet, er svært urovekkjande. Kan ein kjenne seg trygg på at han følgjer meldeplikta si, og vil varsle om barn som er utsette for mogleg omsorgssvikt? Eg vonar at rådmannen i Herøy les Sunnmørsposten og vil følgje opp dette.

Negativ omtale

Runde er diverre ikkje åleine om å teikne slike dystre skremmebilete av ein offentleg etat. Eg meiner det er på tide at nokon tek barnevernet litt i forsvar, og spør kva så mykje negativ omtale gjer med dei som jobbar her. Og kva det gjer med ein etat som er avhengig av aksept og legitimitet for å kunne gjere jobben sin.

Det å oppdra eit barn er ei krevjande oppgåve. Av ulike årsaker maktar ikkje alle å gje barnet naudsynt oppfølging gjennom heile oppveksten. For mange er det då godt å kunne få støtte frå det offentlege i ein periode. Den vanlegaste varslaren til barnevernet er faktisk foreldra sjølve. Og 80 % av tiltaka er støttande hjelpetiltak, mest vanleg er økonomisk stønad.

Trygge rammer

I nokre tilfelle greier ikkje familien å ta vare på barnet. Då meiner eg det er ei styrke ved samfunnet at vi har eit system der det offentlege kan på seg omsorgsansvaret. Slik at barnet då kan få ein stabil omsorgsbase i trygge rammer. Anten i ein fosterheim, eller viss særlege omsorgs- eller åtferdsgrunnar tilseier det; ein barnevernsinstitusjon.

Menneskerettane, omsynet til privatlivets fred og det biologiske prinsipp gjer at det skal mykje til før barnevernet kan setje i gang ein prosess etter bvl. § 4-12; vedtak om omsorgsovertaking. Når ein slik prosess likevel blir sett i gang, eller eit akuttvedtak fatta, så er det av omsynet til barnets beste. For at slike omfattande og inngripande prosessar skal vere gyldige, er det ikkje tilstrekkeleg at det berre er visse manglar ved foreldreomsorga. Det må vere alvorlege manglar og omsorgssvikt som gjer at barnet blir skadelidande ved å halde fram med å bu heime.

Rettstryggleik

Barnevernet har mykje makt, og må forvalte denne klokt. Og etaten er ikkje perfekt. Det er liten tvil om at vedtaksgrunnlaget i nokre tilfelle kan vere av tvilsam karakter og at kulturforståinga er for dårleg. At oppfølginga av fosterforeldre mange stader ikkje er god nok. At det i norsk barnevern finst aktørar som har ein uhaldbar tvangs- og metodebruk, og ikkje tek rettstryggleiken på alvor. Og at det utan tvil er behov for kompetanseløft og samanslåing av små barnevernskontor nokre stader.

Likevel meiner eg at det er på sin plass at nokon tek barnevernet litt i forsvar. Dei som påpeikar manglar i etaten, viser ofte til enkeltsaker. Det seier mykje om den etiske standarden og profesjonaliteten at barnevernet ikkje går i den fella at dei kommenterer desse enkeltsakene. Det skal ein vere forsiktig med, om ein er aldri så mykje løyst frå teieplikta. Utfordringa då er at kritikk mot barnevernet gjerne blir ståande utan at nokon har teke til motmæle.

Utskjelt etat

På diverse nettsider, i anti-barneverns-fora og i kommentarfelt er hatet mot barnevernet stort. Mistenkeleggjeringa er omfattande, og det går sport i å så tvil om motiva ein har for å setje i verk tiltak. Blir kritikken for omfattande, går det utover legitimiteten til ein etat som er heilt avhengig av aksept i folket for sitt arbeid. Allereie no går det utover dei som kvar dag går på jobb i ein utskjelt etat. Dei som etter beste evne freistar å syte for at alle barn skal ha trygg og forsvarleg omsorg. Det er ein uriaspost.

Jus, etikk, utviklingspsykologi, psykiatri, pedagogikk, biologi. Alt dette og meir skal sosialarbeidaren ha i hovudet samtidig med det viktigaste prinsippet; omsynet til barnet sitt beste. Å jobbe i barnevernet er ofte ei utakksam oppgåve. Anten gjer ein for mykje for tidleg, eller for lite for seint. Og den sosiale belastninga er stor. Svartelister og trugsmål på internett. Vaksne som ikkje lenger helsar når dei treff deg på butikken. Det som gjev motivasjon og drivkraft til å halde fram i jobben er barnet som går nokre skritt bak, smiler og seier hei.

Ansvar

Alle offentlege etatar må finne seg i å hamne i søkelyset. Særleg dei som har så mykje makt som barnevernet. Når ein grip inn i ein familie slik ein stundom må, får dette store konsekvensar for både barn og foreldre. Difor må det vere svært høge krav til profesjonaliteten og vedtaksgrunnlaget. Barnevernsarbeid er ikkje matematikk. Det gjer at det ikkje er anten rett eller gale å gripe inn, men det er summen av prov for den eine eller andre sida som avgjer. Dette tyder at det av og til blir gjort feil. Barnevernet har ansvaret for å redusere feil til eit minimum. Og vi politikarar har ansvaret for å legge til rette for at barnevernet kan gjere jobben sin best mogleg. Der sviktar Kjell Runde, som i tillegg til å vere rektor er lokalpolitikar for Høgre i Herøy.

Uansett er barnets beste det viktigaste. Det kan tyde at både det biologiske prinsipp og privatlivets fred må vike, viss det er naudsynt for å unngå omsorgssvikt og overgrep. Ein kan leve med både kritikk og konspirasjonsteoriar, viss det betyr at barn får det betre.

FREDRIC HOLEN BJØRDAL Stortingsrepresentant (Ap)

 

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*