Du er her
Hjem > Nyheter > Barnevernet fabrikkerte saksmapper

Barnevernet fabrikkerte saksmapper

Barnevernet i Land fabrikkerte saksmapper, seier Jorunn Ødegårdstuen, seniorrådgjevar hos fylkesmannen i Oppland. No må kommunen svare på skuldingane.

ALVORLEG: Fylkesmannen ser svært alvorleg på saka i Nordre Land og vil mogleg politimelde kommunen.
FOTO: LARS ERIK SKREFSRUD / NRK

I 2011 vart det gjennomført tilsyn med barnevernet i Søndre og Nordre Land, der fylkesmannen fann lovbrot og svikt i begge kommunane, som då hadde kvar sine tenester. I Nordre Land var det snakk om blant anna at dei hadde sikra for dårleg dokumentasjon og ikkje gjort tilstrekkelege evalueringar.

Pynta på sanninga

Fylkesmannen følgde opp og hadde møter med kommunen. Kommunen fekk beskjed om å gjere dei tiltaka som skulle til og etterpå gå gjennom og sikre at tiltaka hadde den effekten fylkesmannen forventa. I 2012 sende kommunen brev tilbake at dette var gjort og alt var i orden, ifølge Ødegårdstuen.

Ødegårdstuen og Jarle Snekkestad, rådmann i Nordre Land kommune, stilte til intervju på Dagsnytt 18 i dag. Der kom det fram at fylkesmannen sitt tilsyn i 2016 avslørte at dei tilsette i barnevernet i 2011 hadde pynta på sanninga eller fabrikkert saksmappene.

– Dei tilsette har opplyst at dei vart instruerte i kva dei skulle gjere, seier Jorunn Ødegårdstuen hos fylkesmannen i Oppland.

LES HELE SAKEN PÅ NRK

Comments

comments

Top
Translate »