Barnevernet på Sunnmøre dannar mønster

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Kristin Otterlei
Kristin Otterlei

Barnevernet på Sunnmøre har skapt interesse fleire stader i landet, opplyser barnevernadvokat Kristin Otterlei.

Tiltak av barnevernet er eit dramatisk inngrep i ein familie, og på små stader er det ikkje så enkelt for ein einsleg kommunetilsett å gripe inn på eiga hand. Samarbeidet på Sunnmøre går ut på at barnevernet i kommunane får råd og hjelp av barnevernsadvokaten eller andre kommuneadvokatar i Ålesund heile vegen fram til ein dom i tingretten. Etter at barnevernsadvokat Kristin Otterlei hadde fortalt korleis dei arbeider, kunne mellom andre ordførar Knut Støbakk i Giske gje denne tenesta den beste attest.

Det viser seg at vi har organisert oss på ein måte ingen andre har gjort ved at Ålesund sel spesial tjenester på dette området. Både Trondheim og Stavanger har bedt om råd, og vi har halde foredrag på KS- konferansen, fortalde Kristin Otterlei.

Meininga med barnevern er at barn skal få vern mot å lide psykisk eller fysisk overlast. Truleg kjem fleire kommunar til å bli saksøkt for å ha gjort for lite før i tida.

Etter kvart har den felles barnevernstenesta samla seg mykje erfaring og kunnskap om slike saker, og når fleire kommunar samarbeider kan ein hindre at folk flyttar til ein annan kommune, for å kome seg unna barnevernet.

Små spreidde fagmiljø og tunge avgjersler som ein må ta åleine skaper stort behov for å ha nokon å spørje til råds.

Dette samarbeidet er ein vinn-vinn situasjon og ordninga vert stadig meir brukt, sa barnevernsadvokat Kristin Otterlei.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*