Ber om at barnevernet vert kika i korta

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Reagerer Linda Haddal Røssevoll er medlem i kontrollutvalet i Hareid , og har bede om ein gjennomgang av barnevernet i kommunen. FOTO: KJELL ARNE STEINSVIK, MØRE-NYTT
Reagerer Linda Haddal Røssevoll er medlem i kontrollutvalet i Hareid , og har bede om ein gjennomgang av barnevernet i kommunen. FOTO: KJELL ARNE STEINSVIK, MØRE-NYTT

Sunnmøreposten:

Kontrollutvalet i Hareid skal gå gjennom barnevernet i kommunen etter fleire oppmodingar.

Det er kontrollutvalsmedlem Linda Haddal Røssevoll som har bede om ein såkalla forvaltningsrevisjon.

– Det har kome gjentekne førespurnader frå brukarar av barnevernstenestene til meg som medlem i kontrollutvalet, og til det politiske miljøet. Dessutan har eg sjølv erfaringar med barnevernet sidan vi har fungert som avlastingsheim, og noko av det eg har sett gjer at eg ønskjer ein gjennomgang, seier Linda Haddal Røssevoll.

Kritisk

I eit notat til kontrollutvalet viser ho til mellom anna til manglande svar frå barnevernet på skriftlege førespurnader, og at det skal vurderast om det kan gjerast tiltak i heimen, før barnevernet går inn med omsorgsovertaking.

– Det handlar om at alle tiltak skal vere prøvd før ein gjer noko så dramatisk som omsorgsovertaking. Eg er redd for at altfor mange som ikkje burde bli tatt vekk frå heimen, blir tatt vekk frå heimen. Og det er kontrollutvalet sin jobb å passe på at det ikkje skjer, seier ho.

Større eining

I det siste møtet i kontrollutvalet i Hareid kommune vart det vedteke ein revisjon utanfor prioriteringslista til kommunestyret, og så snart som råd. Linda Røssevoll Haddal er glad for gjennomgangen.

– Det har lenge blitt snakka om at barnevernet i Hareid ikkje har fungert optimalt, og då må vi gå inn. Det er også viktig at gjennomgangen kjem før det vert oppretta interkommunalt barnevern. For då kan barnevernet i Hareid lettare dekkje seg bak eit stort fellesskap, og det kan bli vanskelegare å påpeike ting som bør rettast på.

Fjerne unotar

– Er barnevernet i Hareid annleis enn i andre kommunar?

– Langs med så høyrer vi stadig at det ikkje er som det bør vere andre stader også. Difor burde det vore gjort ein liknande gjennomgang i alle kommunane som skal bli ein del av det interkommunale barnevernssamarbeidet, slik at ein ikkje får med seg unotar inn i det nye fellesskapet. Men det er tunge saker å gå laust på. Barnevernet har meir makt enn politiet.

Leiaren for barnevernet i Hareid hadde i går ikkje høve til å kommentere saka.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*