Foreldra blir sendt ut, mens barna blir hos barnevernet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Noreg sender mødre ut av landet mens deira biologiske barn må vere igjen her under omsorg frå barnevernet. Det skaper sterke reaksjonar.

DOBBEL STRAFF: – Å miste barnet og så bli sendt ut av landet er som å få ei dobbel straff, meiner Nigerias ambassadør til Noreg, Benedict Onochie Amobi. FOTO: SVEND EVEN HÆRRA / NRK
DOBBEL STRAFF: – Å miste barnet og så bli sendt ut av landet er som å få ei dobbel straff, meiner Nigerias ambassadør til Noreg, Benedict Onochie Amobi.
FOTO: SVEND EVEN HÆRRA / NRK

– Det er ikkje passande å separere barna frå mor og så sende mor ut av landet.

Ordbruken til Nigerias ambassadør til Noreg, Benedict Onochie Amobi, er diplomatisk, men bodskapen er krystallklar. Han reagerer sterkt på det som har skjedd med fleire nigerianske kvinner. Barnevernet overtek omsorgen for eit barn som blir busett i norsk fosterheim – mor blir sendt ut av landet.

Dobbel straff

– Å miste barnet og så bli sendt ut av landet er som å få ei dobbel straff, meiner ambassadøren.

Nemndleiar i Utlendingsnemnda, Anne Bruland, stadfestar til NRK at denne praksisen finn stad.

FOTO: UTLENDINGSNEMNDA
FOTO: UTLENDINGSNEMNDA

– Vi har kanskje 5-10 saker i året, av og til nokre fleire, der situasjonen er at barnevernet har overteke omsorgen til barna for ein forelder som har ei sak inne for Utlendingsnemnda, seier ho til NRK.

UNEs gjennomgang for NRK viser at dette særlig gjeld nigerianske kvinner. Nemnda har hatt rundt 15 slike Nigeria-saker dei siste to åra.

Situasjonen oppstår fordi barnevernet kan bestemme omsorgsovertaking for barn busett i Noreg. Mens det er Utlendingsnemnda bestemmer om du får bli i landet.

– Vi har ulikt oppdrag, seier Bruland.

Barnets beste må vike

I fleire av desse tilfella er konsekvensen at foreldre og barn i praksis ikkje vil kunne møte kvarandre sjølv om retten har gitt forelderen rett til å ha samvære med barnet.

I ei barnevernsak mot ei nigeriansk kvinne busett i Noreg bestemte tingretten i haust at barnevernet skal overta omsorga for barnet. Den biologiske mora fekk rett til å treffe barnet tre gongar i året. Då opphaldssaka hennar kom til utlendingsnemnda var nemnda klar over at kvinna hadde fått rett til samvære. Ho fekk ikkje opphaldsløyve, sjølv om Utlendingsnemnda skriv at den er klar over at mor og barn då neppe vil få møte kvarandre.

Et avslag innebærer at samværet på 3 ganger 3 timer i året sannsynligvis ikke vil kunne utøves i den nærmeste fremtid. Selv om det legges til grunn at dette samværet er satt av hensyn til datteren og hennes beste, mener UNE at hensynet til barnets beste må vike i denne saken.

VEDTAK FRÅ UNE

Advokat Maggi Rødvik har fleire av dei nigerianske kvinnene som sine klientar. Nokre av dei er prostituerte som er offer for menneskehandel.

– Det må vere i strid med internasjonal rett når barna blir her i landet og mødrene blir sendt tilbake, seier ho til NRK. Rødvik meiner at sjølv om kvinnene formelt sett kan reise tilbake til Noreg for å besøke barna sine, så er dette gjerne ein teoretisk rett.

– Ofte vil dei ha problem med å få visum til Noreg seinare, seier ho.

– Grusomt

Ifølgje Barnekonvensjonen har barn rett til kontakt med biologiske foreldre.
Men det er likevel ingenting i vegen for at Noreg vedtek at mor og barn blir busett i to ulike land, seier Anne Bruland i Utlendingsnemnda.

– Det er ikkje regulert slik i lova at foreldre skal ha rett til opphald sjølv om barnevernet overtek omsorga for eit barn. Så då må vi vurdere dette etter skjønnsmessige reglar, seier ho.

– Ser UNE på kva retten har sagt om samvære med eit barn?

– Ja, det er ein del av den heilskapsvurderinga vi gjer.

Likevel kan det altså ende med at Noreg vedtek at foreldre skal bu i eitt land og barnet i eit anna. Den praksisen mislikar den nigerianske ambassadøren, og han har difor bede norske styresmakter sjå på desse sakene.

– Dersom vårt folk høyrer at eit barn er tatt og mora er sendt ut…Det er grusomt, det er grusomt, seier ambassadøren.

 

Kilde: NRK.no

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*