Frikjenner barnevernsleiar

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

MASSEPROTEST: 160 protesterte tirsdag mot barnevernets metoder i Samnanger kommune. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON
MASSEPROTEST: 160 protesterte tirsdag mot barnevernets metoder i Samnanger kommune. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON

Barnevernsleiaren i Samnanger gjorde ikkje noko gale då han kontakta ein lege i kommunen for å få hjelp i ei barnevernsak. Det er Fylkesmannens konklusjon.

I februar fortalde BT om lege Jakob Christian Norup i Samnanger, som hevda han vart forsøkt brukt av barnevernsleiaren i kommunen til å fjerne to barn med tvang frå mora.

Ifølgje Norup fekk han 16. januar i år ein telefon frå barnevernsleiaren, med spørsmål om han kunne innkalle ei mor og hennar to born til ei undersøking. Det var ikkje medisinsk grunnlag for ei slik undersøking, og formålet skulle ha vore å fjerne borna frå mora.

Norup reagerte sterkt og nekta, fordi han meiner ei slik handling undergrev tilliten ein lege er avhengig av. Her fekk han òg støtte frå kommuneoverlegen i kommunen.

– Ingen grunn til kritikk

Saka var ei av fleire hendingar med barnevernet i kommunen, og dagen etter BT skreiv om saka gjekk 160 menneske i fakkeltog i protest mot barnevernet i Samnanger.

Historia til Norup fekk Fylkesmannen i Hordaland til å opne tilsynssak mot barnevernet i kommunen.

No har Fylkesmannen konkludert, og avslutta tilsynssaka. Her blir barnevernsleiaren blankt frikjent:

«Uavhengig av kva framstilling av saka vi legg til grunn for vår avgjerd, finn Fylkesmannen det klårt at det ikkje er nokon som helst grunn til å rette kritikk mot barnevernsleiar sin handlemåte. Barnevernsleiar har berre gjort det han er forplikta til å gjere etter lova i ei slik sak», skriv Fylkesmannen.

– Forstår ikkje konklusjonen

Trass i at lege Norup hevda at intensjonen til barnevernsleiar var å ha hans hjelp til å ta borna med tvang, skriv Fylkesmannen at «Alle partar er samde om at det ikkje på noko tidspunkt har vore tale om at helsetenesta skulle bistå barnevernstenesta med tvangsgjennomføring».

Han skriv vidare at «ut ifrå skildringa er det klart at det ikkje på noko tidspunkt har vore tale om å nytte tvang».

– Eg tek Fylkesmannens konklusjon til etterretning, men eg forstår ikkje konklusjonen, seier Norup.

PROTESTEN: I midten av februar gjekk bygdefolk i Samnanger i fakkeltog i protest mot barnevernet. foto: Silje Katrine Robinson
PROTESTEN: I midten av februar gjekk bygdefolk i Samnanger i fakkeltog i protest mot barnevernet. foto: Silje Katrine Robinson

– Eg veit kva som var sagt, og intensjonen frå barnevernet var tvungen omsorgsovertaking utan nokon avtale med foreldra på legekontoret, seier han.

– Så sjølv om det ikkje kom så langt at det vart brukt tvang, meiner du at intensjonen var å bruke tvang?

– Ja, presis. Eg er ikkje eit sekund i tvil om at intensjonen frå barnevernsleiar var tvungen omsorgsovertaking på mitt kontor med mi hjelp, seier Norup, som samstundes er glad for at Fylkesmannen avviser at han har brote teieplikta ved å fortelje om hendinga til BT.

Venta på Fylkesmannen

Ordførar Marit A. Aase (KrF) ønskjer ikkje å la seg intervjue om saka, men skriv i ein e-post at «Brevet frå Fylkesmannen vil inngå i den vidare sakshandsaminga».

I tillegg viser ho til eit lesarinnlegg ho hadde i lokalavisa Samningen før påske. Der skriv ho mellom anna at svaret på om barneverntenesta har halde seg innanfor rammene, vil kome frå Fylkesmannen.

Det lykkast ikkje BT å få ein kommentar frå fylkeslege Helga Arianson i går.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*