KOMMUNESTYRET OG BARNEVERNET

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Kjell Runde, barneskulerektor og kommunestyrerepresentant. FOTO: ARNE FLATIN / NRK
Kjell Runde, barneskulerektor og kommunestyrerepresentant.
FOTO: ARNE FLATIN / NRK

Det var ikkje overraskande at kommunestyret ikkje tok ansvar for alvorlege spørsmål eg har drege fram i lyset. Eg har prøvt å få Kontrollkomiteen til så sjå på saka, det fall i fisk, har teke det opp i formannskapet, vart kalla ein djevel av ein representant, prøvde å ta det opp som ein interpellasjon, vart avvist av kommunestyret, og med mishagsgestikulasjon frå ein kommunerepresentant då eg stod på talarstolen. Ein skulle tru at det var vaksne folk som representerte partia sine.

Ordførar Goksøyr viser til at eg brukar ikkje rette fora, då han vise til kva for eit forum det er, og kva han vil gjere. Han har eit ansvar

  • Det er skræmande at kommunestyret sit og godtek at ei mor vert tvinga til abort utan å ville undersøkje saka vidare.
  • Det er skræmande at kommunestyret godtek brot på menneskerettane.
  • Det er skræmande at kommunestyret veit at ei tilbakeføring vart stoppa pga forelder brukte ytringsfridomen sin.
  • Det er skræmande at det ikkje er kvalitetskontroll på referata som barnevernet skriv frå møte med foreldre. Det som er teke opp med lyd, stemmer ikkje med det som står i referatet.
  • Det mest skræmande er at kommunestyret gjev barnevernet legitimitet til slik framferd, utan å gå inn i spørsmåla og få dei grundig undersøkte. Opplysningane er lett tilgjengelege viss viljen er til stades.

Kommunestyret er Herøy kommune sitt øvste organ, og har mynde til å etterrøkje kommunen sine forvaltingsorgan, også barnevernet. Når «uregelmessige ting» vert avdekt, har kommunestyret plikt til å undersøkje påstandane, også hos barnevernet. Viser til Forvaltiongslova §13,b punkt 4. der kommunestyret/kontrollutvalet har rett til å få innsyn i teiepliktige opplysningar.

Her vel altså kommunestyret å ikkje løfte ein finger for å undersøkje, berre avviser påstandane eg stiller spørsmål ved, utan vilje til å undersøkje. La-skure-og-gå haldning er ikkje tillitsvekkande for innbyggarane, tvert imot – det svekker tilliten til både ordførar og kommunestyret. Ingen er tente med det.

Herøy er ei så lita kommune at det er så lett gjenkjenneleg sakene eg tok opp, vart det sagt. Slikt kallar eg konstruert argument. Eg vil tru at når 2 uniformerte politibilar med 5 uniformerte tenestemenn, 2 bilar frå barnevernet, i alt 11 personar troppar opp t.d. hos ei bestemor, er ikkje det gjenkjenneleg?? – og rykteflaumen går, barn er borte. Skal seie barnevernet opptrer anonymt! På kommunestyremøtet kjende ikkje ordførar Goksøyr ein tilhøyrar blant publikum. På direkte spørsmål frå vedkomande: «Kjenner du meg?» svara ordføraren nektande. «Eg er ein av dei som er omtala i spørsmåla» svara vedkomande. Så gjenkjenneleg var sakene eg tok opp! Ikkje eingong ordførar Goksøyr visste kven sakene omtalar. Men han klarte å seie til vedkomande at han Kjell klarer ikkje hjelpe deg. Eg skal ikkje protestere på det, men eg set søkjelyset på ei mørk side i Herøy barnevern som ingen er tente med. Men ordførar Goksøyr kan setje seg i sving og hjelpe viss han vil, og legg kreftene sine i det, og gjer det han skal når han så tydeleg via fleire kanalar vert varsla om dårleg handsaming i barnevernet. Eg har kopi av fleire meldingar og epostar både ordføraren og rådmannen har fått, utan at eit kontrollorgan vert sett inn for å sjekke opplysningane. Ei handsaming som ikkje Herøy kommune er verdig, det grensar til tenesteforsømming. Kontrollutvalet gjekk inn i einskildsaker, då dei utførde forvaltingskontroll av Herøy PPT. Kvifor ikkje også tilsvarande i Herøy Barnevern?? På Hareid var det eit medlem av kontrollkomiteen som tok initiativet til forvaltingskontroll på barnevernet der. I Stryn er barnevernet sak for kontrollutvalet der. Men i Herøy er visst slikt umulig. Eg veit at spør kontrollutvalet i Herøy dei foreldra som stiller spørsmåla, så stiller dei opp med fakta og dokumentasjon.

Ord om åpenheit, moral og etikk er visst berre fine ord i ei kommune som skal vere «Ei båtlengd føre».

Kjell Runde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*