KRAV OM ENDRING OG OPPGJER

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

fb_img_1477791989696

av Margaret Hennum

28.mai var det demonstrasjon i Oslo mot overgrepa i barnevernet. Eg avslutta apellen min der med ei oppmoding om å aldri reise på mødreheim! Eg nemnde ikkje at i heimen vår budde det då ei mor og eit spedbarn på 4. veka. Desse to hadde reist frå ein mødreheim for å berge seg.

Ei veke seinare tok fridomen slutt, etter politiaksjonar i tre politidistrikt: Sør-Aust politidistrikt, Vest politidistrikt og til slutt Møre og Romsdal politidistrikt.

Oppslaget i dag er det 3. i Dagbladet, og dei viser korleis bruk av fagre ord og intensjonar he fått legitimere trakassering, forfylgjing og behandling av medmenneskje som untermensch, i offentleg regi.

Det er karakteristisk for maktmisbrukarar å skulde andre for det ein sjølv er skuldig i. Nadia og hjelparane hennar vart kriminalisert av banevernet og politiet. Og barnevernet som he tedd seg som katastrofale i kommunikasjon, pålitelegheit og samarbeidsevne, var fole vyrke for om OSS var i stand til å samarbeide med dei!

Eg he jobba med menneske, i helsesektoren, i 40 år. Men ALDRI he eg vandra i eit so goldt landskap som dei som skal verne om borna våre, tvingar folk inn i!

Barnevernsleiarane Anne Sofie Nunn i Årstad barnevern og Brynhild Solvang i Volda barnevern, ber ansvaret for at ein gut vart flytta SEKS gongar i løpet av dei fyrste 9 mnd av liver sitt. Og i ei sak om tvangsovertaking til statleg omsorg for dette vesle barnet, i Fylkesnemnd og tingrett, stilte ikkje barnevernsavokat Reidar Andresen eitt einase spørsmål til meg i vitneboksa om mor, ikkje om barn, og ikkje om korleis dei to var ilag! Ikkje eitt einaste! Han visste eg er mor og barnesjukepleiar, og ilag med mannen min var dei einaste som hadde vore ilag med mor og barn under normale tilhøve utanfor observasjonsinstitusjonane som barnevernet hadde heldt dei i. Reidar Andresen fokuserte på det som HAN meinte var saka i forvaltningsorganet og domstolen: forfylgjing av kritikk mot barnevernet!

Fylkesnemnda i Bergen sytte for at mor og barn fekk att kvarandre. Men fyrste spørsmålet eg fekk frå kommuneadvokaten der var om eg var medlem i menneskerettsorganisasjonen MR-N.

I ei sak om statleg omsorgsovertaking av eit spedbarn i Noreg, vert vitne avkrevd opplysning om medlemskap i menneskerettsorganisasjonar!.

9 saker er so langt kommuniserte til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og fleire er på veg.

Reidar Andresen kan ha prøvd å påverke meg som vitne ved å kontakte arbeidsplassen min dagen etter politiet og barnevernet røva guten. Det er meldt derifrå at eg skulle vere meld til politiet, og at eg skal ha vore involvert i ei mogleg kriminell handling.

Ifylgje politiet er der ingen anmeldelse av meg, og eg he heile tida vore trygg på at eg denne gongen ikkje vandra på den breie veg. Men artikkelen i Dagbladet viser at barnevernet og politiet kan ha brote lover. Og artikkelen viser at barnevernet kan ha førd politiet bak lyset.

Politiet kan sjølv starte gransking av desse forholda. Barnevernsleiar Anne-Sofie Nunn er i desse dagar meld for dokumentfalsk.

Tidlegare i veka kom det innkalling til møte med barnevernet under Brynhild Solvang. Barnevernet i Årstad som ikkje anka tapet sitt, respekterer ikkje nederlaget, og melder bekymring. Dei he ikkje sett mor og barn sidan dei slukøyra laut innrømme nederlaget.

Denne iscenesette trakasseringa frå Årstad og Volda barnevern er no ei mediesak, fyrst i sosiale media, so i rikspressa.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*