Må ha inn psykolog grunna dårleg arbeidsmiljø i barnevernet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Leiar på Helse og barn i Førde kommune, Ove Mjåtveit, må hente inn ekstern hjelp for å betre arbeidsmiljøet i barnevernet. Foto: Bent Are Iversen
Leiar på Helse og barn i Førde kommune, Ove Mjåtveit, må hente inn ekstern hjelp for å betre arbeidsmiljøet i barnevernet. Foto: Bent Are Iversen

Barnevernet i Førde har i lengre tid slite med eit konfliktfylt arbeidsmiljø som det framleis vert jobba med å rydda opp i.

Samtidig går det føre seg ein prosess som skal ende med samanslåing av barneverntenestene i Gaular og Førde frå 1. september.

– I førebuingane til samanslåinga har vi vore opne på at vi har hatt psykososiale konfliktar ved kontoret i Førde. Til dei tre tilsette i barnevernet i Gaular har vi sagt at vi skal gjere alt vi kan for å løyse problema, før dei blir overflytta, seier Ove Mjåtveit, einingsleiar på Helse og barn i Førde kommune.

Mange årsaker

Gro Byrkjeflot har sagt opp stillinga si som leiar og slutta i barnevernet i Førde. Mjåtveit opplyser at arbeidskonfliktane er ei medverkande årsak.

– Konfliktar kan utvikle seg av mange grunnar. Årsakene har vore samansette og problematiske både for leiarar og tilsette over lengre tid. Å fordele skyld eller finne andre enkle årsaksforklaringar blir heilt uråd i slike saker, seier Mjåtveit.

– Forklarar arbeidskonflikten manglande oppfølging og fristbrot i barnevernsaker som Fylkesmannen fleire gonger har påtalt?

– Fristbrota, som Fylkesmannen har gitt oss velfortent kritikk for, har ikkje med arbeidskonflikten å gjere. Men dei som har kjent slikt på kroppen, veit at konfliktar tappar alle for energi, og det gir mindre overskot til alle oppgåvene som skal gjerast. Eg kan difor heller ikkje garantere at konfliktane ikkje har gått utover brukarane på nokon som helst måte.

Leiger hjelp

Bedriftshelsetenesta har vore nytta til å finne løysingar på konflikten, og hausten 2013 blei også Arbeidstilsynet kopla inn.

– Korleis skal du få parkert konfliktane etter så lang tid?

– Vi har engasjert ein arbeidspsykolog som skal hjelpe oss til å betre arbeidsmiljøet. Dei tilsette har fått tilbod om samtale både med meg og psykologen enkeltvis. Vi jobbar også med tiltak samla og har tett dialog med vernetenesta og tillitsvalde, seier Mjåtveit.

Men dei har tenkt langt vidare enn denne arbeidskonflikten, når dei no har førebudd ei samanslåing av tenestene.

– Dei tilsette har møtt kvarandre, og vi har bedd om råd og innspel på kva dei ønskjer vi skal ha søkjelys på, og kva forventningar dei har, fortel Mjåtveit. Dette var også tema i konsekvensutgreiinga.

Stilling utlyst

Leiar for barnevernet i Gaular, Idun Mjåseth, har sagt at ho ikkje ønskjer å leie felleskontoret, men at ho er aktuell i høve andre leiaroppgåver. Stillinga som barnevernleiar ha vore lyst ut, og det har meldt seg fleire søkarar.

– Vi er midt i ein tilsetjingsprosess no, seier Mjåtveit.

Barneverntenesta i Førde tel 11 tilsette og totalt 8,3 årsverk. Gaular kommune har totalt tre tilsette (tre årsverk) i eininga. Ei arbeidsgruppe tilrår éin kontordag i Gaular i veka for å redusere reisinga for tilsette.

– Det praktiske er ikkje heilt landa, men også Gaular vil legge til rette for at vi skal kunne levere så gode barneverntenester som råd, seier Ove Mjåtveit.

Publisert 17.06.2014 på Firda.no

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

6 Kommentarer

  1. Hvor mange steder i landet ender dette med at folk går fra jobbene sine eller trues til taushet omkring forholdene, og hvem går det ut over?

    • @Ronny Solem Legge ned barnevernet? Alvorlig talt; er du klare over hvor viktig et barnevern er i mange sammenhenger? Selv om det finnes skrekkhistorier fra de fleste etater, så er det selvfølgelig ikke slik at det ikke finnes gode løsninger fra flinke folk i vanskelige situasjoner i barnevernet. Glanshistorier blir ikke dratt frem i media.
      Og, dersom det er en faktabegrunnet påstand at ansatte i barnevernet er for inkompetente til å arbeide der – ville det ikke da være bedre å satse på videreutdanning og eventuelt høyere kompetansekrav for å ansette? Hvordan det tjener barn og vanskeligstilte familier at barnevernet blir lagt ned, kan jeg ikke spekulere meg frem til.

  2. Min ærfaring er at de som jobber i barnevernet spenner fra velskolerte reflekterte fagpersoner til søppelhuer med fordommer og truende syk oppførsel som tilter i vinkel når du spør hvor de har påstandene sine fra !

    • …og psykologen det samme. Kanskje BV burde få hjelp av en av deres mange gale » sakkyndige» …….

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*