SVAR TIL BARNEVERNSJEF BRYNHILD SOLVANG

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Barnevern
Viser til innsendt innlegg av barnevernssjef Brynhild Solvang, som stod på trykk i Vikebladet/ Vestposten 21. mars 2017. Vi er eit ungt foreldrepar som vart fråtatt vårt tre månadar gamle barn i 2015. Brynhild Solvang signerte den gang vedtaket. For nokre veker sidan samtala vi med Brynhild Solvang for aller første gang!

Hei, Brynhild Solvang. I innlegget stadfestar du at den interkommunale barnevernstenesta Hareid, Ulstein, Volda, Ørsta hamnar langt ned på kommunebarometeret for år 2016. Vi som har fått innblikk på innsida av den interkommunale barnevernstenesta, ser at vegen er lang før den når toppen på kommunebarometeret. Her trengs det noko meir enn bevilling av meir pengar og tilsetjingar til. Det er for oss undrande at du refererer til vinnaren, Verran kommune, og at dei har brukt fleire kroner enn de, på landsgjennomsnittet per innbyggjar. Vi har inga tru på at fleire kroner og tilsetjingar må til for å få eit meir forsvarleg barnevern, her må nemleg kraftigare lut til!

Forvaltningsrevisjonens avdekkingar
Forvaltningsrevisjonen av kontrollutvalet syner store manglar og fråvik i oppfølging av barn og familie: Kva har du tenkt å gjere med dette? Trur du som barnevernssjef at ein berre kan bla om bladet, og gløyme det som revisjonen viste for 2014, 2015 – og det arbeidet du og dine underordnande gjorde i denne perioden? Tek du som barnevernssjef ansvar for dette – og kva vil du i så fall gjere? Kommunerevisjonen for desse åra, viser tydleg systemsvikt og fatale feilgrep frå barnevernstenesta si side. Kven har ansvaret her? Forvaltningsrevisjonen hadde vanskar med å få ut opplysningar frå barnevernssjefen. Leiar av kontrollutvalet, Ivar Mork, var inne på dette slutten av førre året. Han kalla avdekkingane for dyster lesing og at det ikkje var lagt godt nok til rette for at kontrollutvalet skulle få gjere eit godt arbeid. Kvifor var det så vanskeleg, Solvang, for kontrollutvalet å få tilstrekkeleg innsyn? Korleis skal foreldre kunne ha eit konstruktivt samarbeid med eit barnevern, der det kan gå opp til eitt år før du får svar på spørsmål knytt barna? Er det du som barnevernssjef som skal bedømme vårt interkommunale barnevern og ”helte”-arbeidet de føretek? Dei som har vore utsatt for dette barnevernet, har ikkje sett eller høyrt om nokon heltedåd.

Barn plasserte utanfor heimen, utan nokon form hjelpetiltak, før eller etter. Hjelpetiltak seier du at du prioriterer: Gjeld ikkje det i alle sakane den interkommunale barnevernstenesta er borti? Kvifor løgnar, Solvang? Kan vi ikkje ha ein open dialog utan usannheiter? Har du endeleg forstått alvorsgraden av kva dykk driv med? I så fall var det på høg, høg tid. I innlegget skriv du at du sjølv og dei andre tilsette prioriterer gode hjelpetiltak og foreldrekompetanse opp imot familien, for å hindre at barn må flytte frå foreldra. Kvar er familierettleiinga, og dei gode hjelpetiltaka som du skryt slik av? Er det berre i 2016 det er hjelp å få? Kva legg du i ordet foreldrekompetanse, når du særskilt vel å oversjå dette? I praksis, samarbeider du og dine påståtte heltar, dårleg med foreldre og familie av barn, og skyv den biologiske familien heilt ut på sidelinja. Dette er imot Barneverslova, EMK og Grunnlova. Statsråd Solveig Horne har gjentekne gongar sagt, at om ikkje barna kan få bu hos biologiske foreldre, skal dei plasserast hos nær biologisk familie. Familievern, er ordet du vel å sjå bort i frå i dei aller fleste tilfelle. Dialog, Solvang, og samarbeid er du noko i stor grad må arbeide med. I tillegg til oppfølging av foreldre, då det kan gå opp mot halvanna år før barnevernstenesta tek kontakt med foreldra av bortplasserte barn. Kvifor prøvar du, Solvang, å unngå lovverket? Vald og overgrep går du blant anna inn på i innlegget ditt, men kor mange barn er utsett for overgrep og vald i heimen – i sannheitas namn? Det er i så fall ei politisak – og ikkje noko for barnevernstenesta å etterforske?

Det ansvaret kommunen har
Det er dei folkevalde og leiinga i kommunen som har det heile og fulle ansvaret for barnevernstenesta og barna. Ingen kan fråskrive seg dette, same kor ein prøvar å unngå det. Barnevernstenesta har verken tillit eller evner til å hjelpe foreldre og barn, når viljen manglar. Vi trur at Solvang må sjå til andre kommunar som har fått det til før henne. Då må barnevernstenesta gjennom ein stor haldningsendring.

Kongsberg-modellen
I Kongsberg har barnevernstenesta gått gjennom ein omfattande haldningsendring, og tatt i bruk ressursane i familiane dei har kontakt med. Nøkkelordet her, Solvang, er familieråd. Med ein gang ein familie kjem i kontakt med barnevernstenesta, prøvar dei å samle ressurspersonane som finn seg kring ein kjernefamilie; som nære slektningar, vener med meir. I Kongsberg har omsorgsovertakingane gått ned med heile 90 %! Ta kontakt med barnevernsleiar, Tone Risvold Kvernes, som nett har blitt kåret som årets kommunale leiar. Kanskje ho kan gi deg tips og rettleiing, for det er absolutt noko du treng. Men først må du ha innsikt og vilje til å rette opp dei fatale feil som har blitt gjort under di leiing. Bortforklaringane dine ballar heller på seg år etter år, i staden for å innrømme feil. Dersom ikkje du ser på det som Kongsberg har fått til som ein inspirasjon, må administrasjonen og politikarane sjå dette som ein moglegheit til forbetring, og, ikkje minst, til store innsparingar.
Så nei, Solvang, meir pengar og ressursar er ikkje naudsynt for å få til et betre barnevern her i kommunane. Det er haldningsendringar og kompetanse det står på; ikkje pengar!

– Karoline og Jo

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*