Du er her
Hjem > Nyheter > The Rise And Fall Of…..

The Rise And Fall Of…..

Kommuneadvokat Bjørndal i Fjell kommune gikk til angrep på Marius Reikerås på en anonym blogg som han benektet å stå bak. Nå er han sykemeldt og mister sannsynlig jobben pga sitt engasjement mot Marius og Rune Fardal

“The rise and fall of….” falt for eget grep. Nå må kommunen slutte lefle med de reelle nettroll som hindrer ytringsfrihet og truer foreldre med omsorgsovertakelse. Vi hater ikke barnevernet, vi kritiserer ansatte og advokater som bevisst misbruker sin makt og som åpenbart ikke er egnet for jobben.

Vestnytt skriver:

– Vi har blitt overausa med e-postar frå personar som har som mål å få kommuneadvokaten avsett, seier rådmann Steinar Nesse i Fjell.

Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal i Fjell har heilt sidan i fjor sommar vore i ein ekstrem konflikt med barnevernaktivistar, med blant andre Rune Fardal i spissen. Det var Bergens Tidende som først omtalte saka i Magasinet 3. juni.

Sist veke følgde BT opp med ein artikkel om at kommuneadvokaten stod bak ein anonym blogg der han har tatt til motmæle mot aktivistane.

Nekta for å stå bak
Både overfor BT og rådmann Steinar Nesse har Bjørndal tidlegare sagt at han ikkje har noko med bloggen å gjera. Men i artikkelen i BT 19. juni vedgår han at det var han som stod bak den anonyme bloggen, som gjekk under pseudonymet «Halvhild». Bloggen vart lagt ned i april.

– Eg angrar på at eg oppretta den bloggen. Men eg gjorde det for å forsvara meg etter eit umenneskeleg press. Eg har blitt mobba og forfølgd i eit heilt år, seier Bjørndal til Vestnytt. Både Bjørndal, rådmannen og ordførar Marianne Bjorøy i Fjell seier at dei blir pepra med e-postar frå aktivistane.

Kommuneadvokaten fortel at jaget starta etter at han anmeldte ein av aktivisane til politiet i fjor sommar. Sidan har han blitt hengt ut og skulda for å vera både alkoholikar og pedofil, bustadadressa hans har blitt delt på nettet, namn og bilde av kona har blitt lagt ut, han skal ha fått anonyme telefonar, brev har blitt sendt til venner og familie. Og arbeidsgivaren hans får innboksen full av skuldingar og oppmodingar om å seia opp advokaten.

Har ikkje konkludert
Rådmann Steinar Nesse seier Bjørndal har orsaka at han laug om bloggen.

– Det var ikkje fornuftig å oppretta bloggen, og det har eg sagt til han. Men med det presset han var utsett for, kan eg forstå at han mista dømmekrafta. For meg er det største problemet dermed tap av tillit. Han har tapt omdømme, seier Nesse.

Rådmannen mistenkte at det var kommuneadvokaten som stod bak bloggen, etter at aktivistane hadde hevda dette i lengre tid. Først for litt over ei veke sidan fekk rådmannen stadfesta at Bjørndal stod bak.

Nesse har ikkje bestemt seg for kva han skal gjera med situasjonen.

– I det korte løp ser eg ikkje at han kan føra saker for oss no. Kva som skjer i det lange løp, har eg ikkje konkludert med. Stillinga som kommuneadvokat svevar også litt mellom rådmann og politisk nivå, så eg avgjer ikkje dette åleine, seier Nesse.

Sjukmeld
Bjørndal opplyser at han no er blitt sjukmeld på grunn av mobbinga, og at aktivistane skal ha sagt for fleire månader sidan at dei kom til å «plaga svineriet» til han bukka under.

Rune Fardal seier til Vestnytt at Bjørndal har seg sjølv å takka for situasjonen han har hamna i. Fardal meiner at Bjørndal har mista så mykje truverde etter å ha snakka usant om bloggen at han ikkje kan halda fram som kommuneadvokat.

– Det eg har lagt ut om Bjørndal er ikkje noko verre enn dei åtaka han kom med på bloggen han dreiv. Det var utspel mot meg og andre som er forsøk på reine karakterdrap frå kommuneadvokaten si side, hevdar Fardal.

Han meiner Bjørndal sitt mål med bloggen var å undergrava truverdet til alle som kritiserer barnevernet.

– Folk har ulik grense for å kjenna seg krenka, men eg har aldri ringt Bjørndal eller gjort noko som objektivt sett er trugande. Eg kjøper ikkje den offerrolla han tek på seg i forsøket på å fossro ut av problem han sjølv har skapt, seier Fardal.

Politisk oritentering
Først over sommarferien tar rådmannen stilling til kva konsekvensar saka får for kommuneadvokaten på lengre sikt.

Gruppeleiarane for dei politiske partia er blitt orienterte om saka, og dei har bede om at formannskapet får ei orientering over ferien.

Nesse seier han har fått ulike reaksjonar både frå politikarar og tilsette.

– Somme synest det er ubekvemt å ha ein kommuneadvokat som har vore så engasjert på denne måten, medan andre berømmer han for å ha gått i krigen, seier Steinar Nesse.

Kan vi ha offentlig ansatte advokater som lyver kommuneledelsen rett opp i ansiktet? Som lager dritpakker om varslere? Kan vi ha et politi som nekter fremvise hans anmeldelse? Hva gjør politiet nå?

Hvordan vet politiet at ikke anmeldelsen også er en løgn?

Comments

comments

Top
Translate »