Advokaten meiner leiaren i barnevernet må gå: – Tida er overmoden

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

KAMPHANAR: Barnevernsleiar Hadle Blikra (til venstre) meiner advokat Louis Anda kjem med urette påstandar. Foto: Montasje

Den eine skuldar den andre for løgn og avtalebrot. Den andre kallar skuldingane «alvorlege og urette».

Den profilerte advokaten Louis Anda etterlyser eit leiarskifte i Sogn barnevern. Han meiner svikt i barnevernet har kosta både menneskeliv og millionar av skattekroner dei siste åra.

– Barnevernet er ein stor maktfaktor i kommunen. Det dei gjer får store følgjer for folk, og det krev ei leiing med solide faglege og menneskelege kvalitetar. Eg ser ikkje at leiinga i dag har dei kvalitetane, seier Anda.

Han ramsar opp ei rekkje saker dei siste åra, som han meiner illustrerer poenget (sjå faktaboks).

Blikra imøtegår kritikken lenger nede i saka.

Desse døma meiner advokat Louis Anda viser at leiaren i barnevernet må gå

1. I 2016 døydde ei tolv år gamal jente frå Sogn i fosterheim, truleg av epilepsi. Både Riksadvokaten og Fylkesmannen meinte oppfølginga til barnevernet var kritikkverdig. Saka vart likevel lagt vekk. Grunngjevinga var at den høge terskelen for straffansvar ikkje var overskriden.

2. Frå 2015 til 2016 slutta 18 tilsette i Sogn barnevern. Fleire av dei varsla om konfliktar og kritikkverdig arbeidsmiljø, mellom anna at dei hadde blitt trakasserte av leirane. I 2020 vedtok politikarane å tilby 3,5 millionar kroner i erstatning til varslarane, og samstundes be om orsaking for måten kommunen hadde handtert saka på.

3. På tampen av fjoråret konkluderte tingretten med at Sogn barnevern har påført Bratteteig-familien i Sogndal påkjenningar som ikkje har vore naudsynte, og heller ikkje til det beste for barnet. Summen av feil og feilvurderingar gjer kommunen erstatningsansvarleg, konkluderte retten. Kommunen har frist ut januar til å vurdera om dei skal anka.

Usemje om avtalebrot
Den utløysande årsaka til at han kjem med kritikken no, er ei fersk sak der han opplevde at barnevernet braut ein avtale med ein av hans klientar.

– Og når eg fortel kva me meiner om den slags, så møter eg ein barnevernsleiar som ikkje toler kritikk, seier Anda.

Barnevernet avviser at det skal ha vore noko avtalebrot.

– Du seier indirekte at barnevernsleiaren bør få sparken?

– Eg vil ikkje bruka eit slikt uttrykk, men tida er overmoden for eit leiarskifte om dette barnevernet skal fungera og om tilliten skal bli gjenoppretta. I dag er tilliten til barnevernet på brestepunktet, seier Anda.

Skarp tone
Sogn Avis har fått innsyn i skarpe e-post-utvekslingar, der Blikra krev ei orsaking for å bli ha kalla «ein stor løgnar» i ein tidlegare telefonsamtale mellom dei to. Advokaten kan ikkje hugsa at han har brukt akkurat den formuleringa, men vedgår at han har skulda Blikra for å ha snakka usant, og for at han ikkje er til å stola på.

Han avviser derimot at han no går til pressa for å «hemna seg» på det opplevde avtalebrotet.

– Overhovudet ikkje. Denne saka har fått begeret til å flyta over, men eg har i lang tid tenkt på at eg må seia noko. Det har ingenting med hemn å gjera, det er derimot mi samfunnsplikt å gje beskjed om at barnevernstenesta ikkje kan drivast på denne måten. Når eg går til avisa, så er det fordi eg ikkje har nådd fram på andre måtar, seier Anda.

Rådmannen: – Har full tillit
Blikra kallar skuldingane til Anda «alvorlege og urette», og seier at han ikkje har fått svar på kva avtale som skal vera broten.

– Ei heller når dette blir etterspurt, skriv Blikra på e-post.

Les heile tilsvaret i faktaboksen:

Dette svarer Blikra

Eg har teke opp med Anda hans framferd og uttrykksform, etter at han ringde meg og gjentekne gonger og i tydelege ordelag skulda meg for å vere, sitat; «ein stor løgnar».

Ei slik alvorleg og urett skulding tykkjer eg lite om, noko eg påpeika i ein skriftleg førespurnad til Anda eit par dagar etter oppringinga hans.

Anda sitt svar på dette, eller reaksjonsform kan ein vel heller seie, er å halde fram med urette skuldingar om avtalebrot, men utan at han kan konkretisere kva avtale som skal vere broten. Ei heller når dette blir etterspurt. Han responderer vidare med at han finn det skremmande at han som advokat blir bedt om å unnskylde sitt utsegn om at eg er ein stor løgnar, då dette ligg til hans alminnelege uttrykksfridom, spesielt som advokat, å kunne uttrykke.

Det er gjerne denne etter kvart kjente uttrykksforma Anda følgjer opp ved å kontakte lokalavisa for å få delt si misnøye i det offentlege rom. Dette gjennom redaksjonell omtale, og i eit format som ikkje er særleg egna å kommentere vidare for min del.

Blikra minner om at barnevernstenesta i dag ikkje har opne tilsynssaker mot seg, at arbeidsmiljøet er godt og sjukefråværet normalt.

Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu seier Blikra har full tillit som barnevernsleiar, og at stillinga ikkje er til vurdering.– Vanlegvis vil ikkje Sogndal kommune og eg som rådmann gje uttale om einskildtilsette via media. Når så kraftige synspunkt vert formidla, vel eg her likevel å gjera eit unntak, skriv ho i ein e-post som er formidla via kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen.

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*