Åpent svar til Kjell Inge Ropstad – barnevernet, et statlig monster!

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Barn er blitt en offentlig handelsvare i Norge.

Av Oddvar Espegard:

Barna frå Al Hol-leiren i Syria. «Barna er uskyldige» skriv Kjell Ingolf Ropstad på Facebook i dag. Ja, det er dei, det veit alle, det er ganske så innlysande, herr Kjell Ingolf! Eit ganske svakt og så innlysande moment du kjem med, at eg synes det er rart du vil skrive slik. «Å vise omsorg for sårbare og uskyldige barn, og finne en løsning for disse, samtidig som vi har en rettsstat som skal straffeforfølge der det er begått forbrytelser», skriv Ropstad vidare. – Dette er jo greit.

Men kva med alle dei andre barna, i Norge – som også er uskuldige, 5 stk til dagen, som du kvar einaste dag, året rundt, tek og nappar ut av deira rette, velfungerande, gode heimar, brått og brutalt, ofte med politi i uniform. Dei er også uskuldige. Me pratar om hundrevis, ja tusenvis av barn. Kvifor har du ikkje den same omsorgen for dei? Kvifor har du ikkje den same empatien for dei?

Dette er urettferdigheit på høgste plan, du godeste herr Ropstad! I tillegg så hevdar du at desse to barna frå Syria ikkje skal takast brått frå mor si. Det skrik i øyrene mine å lese slikt. Denne framgangsmåten brukar du og dine folk kvar einaste dag, nappar barna brått og brutalt ut av hendene på mor og far.

Du – den norske stat og regjeringa – er i tillegg dømd gong på gong i Strasbourg! – For kva? – Jau, for overgrep mot barn ! Overgrep du har gjort, stikk i strid med dei gode, rettferdige lovene me har, så forgrip dine lakeiar seg på barna våre. Og du ordnar ikkje opp i Strasbourg-domane, slik lova seier og dine kollegaer har skrivi under på at Norge skal gjera. Det er jo fyrste-oppgava di, herr Ropstad! – eller?

For kort tid sidan så døydde ei 13 år gamal jente i Sogn. Jenta var under di omsorg, i ein fosterheim, og fekk ikkje det lege-tilsynet ho trengte. Altså: Overgrep med døden til følge. Dette er godt handsama i veker og månader i avisene.

Skrevet av Oddvar Espegard

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*