Barnevernet- diktatur i demokratiet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

av Britt Hagesæter

Samfunn Barnevernet er ein etat som fungerer som eit diktatur i demokratiet. Dei bør få bedre utdanning, meir fagfolk og ei kommunal nemnd med teieplikt som kan etterprøve vernet sin saksgang og vedtak på månadleg basis. Når vernet legg så lite vekt på hjelp frå biologisk storfamile i hjelpetiltak og ved omsorgsovertak, er det eit brot på FN sin barnekonvensjon artikkel 20.
Det flimrar over skjermen : 30% av alle tilsette i barnevernet sluttar etter eit år. Ein barnevernstilsett kommenterer framkome data, og forklarer det ut frå eit “slags synd på desse stakkarane” syndrom. Dei tilsette får ikkje nok støtte og oppmuntring hjå sine kommunale sjefar.

Men no er det å seie om barnevernet at det er autonomt i einkvar kommune.Eg trur ikkje det finns mange etatar som så effektivt og gjennomgripande har verna seg for innsyn som denne etaten. Dei treng ikkje gjere greie for saksgang eller vedtak til nokon, og treng berre kommunale sjefar til å strø sand på eit eventuelt vedtak, utan at sjefane får innsyn i hverken saksgang eller avgjerd. Barnevernet er eit av dei få etatane som ikkje har nokon som går dei etter i saumane, anna enn domstolane, og også der kan dei få inn sine sakkyndige som meddomarar, i følge eit advokatfirma som driv med den slags saker.

I tillegg er fåe av dei tilsette i barnevernet fagpersonar, men har ei allroundutdanning på 3 år etter vidaregåande skule, som skal gjere dei i stand til å ta avgjerder innan rusomsorg, familiekonfliktar, barnefordeling, omsorgsvikt , psykiske sjukdommar, seksuelt misbruk for berre å nemne noko av alle dei felta dei møter på. Men ingen kommunal nemd går dei etter i saumane. Ingen utanfor etaten går gjennom barnevernsaker månadleg, og stiller spørsmål om saksgang og vedtak! Teieplikt på sitt verste.

Eg har jobba i skulen i 30 år. Det skulle bli månelyst om det var slike lover og reglar gom galdt der. Det same i helsevesenet.

Barnevernet eit av dei mest lukka institusjonar du kan møte på. Sender du bekymringsmelding, får du beskjed om at ho er teken imot. Den som du sender melding om, skal ha alle opplysningar, og kunne lese brevet du sende.Teieplikta gjeld berre ein veg. Klagar du til fylket, får du same tilbakemelding, men dei går ikkje inn i enkeltsaker, men berre i systemsvikt i gjeldande kommune.

Eg vågar å påstå : Det er ikkje synd på barnevernstilsette fordi dei ikkje får anerkjenning hos rådmann og ordførar. Det er synd på dei fordi dei har ei utdanning som ikkje har gjeve dei nok fagkunnskap til områda dei skal handsame. Dei arbeider i eit lukka system, der dei kan gjere kva dei vil, og ingen stiller spørsmål til kva dei gjer, og ingen kan gå dei etter i saumane, fordi dei er autonome.

Den arrogansen og vilkårligheita dei viser i vedtak som vert gjort, skaper mykje hat , noko ein ser på sosiale medier. Det hadde vore så mykje betre om dei hadde brukt meir uavhengig fagkompetanse,

vore nøydd til å gjere greie for saksgang og vedtak i eit kommunalt organ med teieplikt, som kunne etterprøve det dei gjorde. Nokre gonger ville det styrkt saka barnevernet arbeidde med, andre gonger ville vernet fått ein velfortent korreks.

Det ser ut som barnevernet i mange kommunar ikkje kjenner til at dei fleste barn er del av ein storfamilie. Dei har tanter og onklar, besteforeldre, grandtanter og onklar. Mange er ressurssterke, og kunne tatt eit tak, om dei var blitt spurde. Men mange barnevern satsar på fosterfamiliar så langt borte frå biologisk familie som mulig, slik at kontakta med desse skal verte så dårleg som det går an.

Dei psykologiske seinverknadane av dette er dokumentert av mange. – Noko fall på plass då eg møtte den biologiske familen min, seier mange. – Eg skjøna kvifor eg er som eg er. Det er også eit tap for det enkelte barn å ikkje få del i slektshistorien skikkar og sjargong som biologisk familie har. FN s barnekonvensjon art. 20 slår fast at – Når mulige løsninger overveies, skal det tas tilbørlig hensyn til ønskeligheten av kontinuitet i barnets oppdragelse og til barnets etniske, religiøse, kulturelle og språklige bakgrunn. Norsk barnevern bryt denne artikkelen gong på gong.

Min konklusjon blir denne: Når tilsette i barnevernet flyktar frå stillingane sine, er eit teikn på at barnevernet ikkje fungerer. Betre utdanning, meir openheit , ei kommunal nemnd som går arbeidet til barnevernet etter i saumane,gjev råd og kan overprøve vedtak, meir vekt på biologisk storfamilie som ressurs ved hjelpetiltak og ved omsorgsovertaking, vil skape eit betre barnevern, og gje betre arbeidsvilkår for dei som arbeider der.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*