Barnevernet får kjeft for å svikte fosterbarn

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

ALVORLEG SVIKT: Fylkeslege Helga Arianson ser alvorleg på saka og meiner det er stor risiko for svikt i oppfylginga av fosterbarna. FOTO: JØRGEN EIDE / NRK
ALVORLEG SVIKT: Fylkeslege Helga Arianson ser alvorleg på saka og meiner det er stor risiko for svikt i oppfylginga av fosterbarna.
FOTO: JØRGEN EIDE / NRK

Ny rapport frå helsetilsynet viser at barn i kommunale fosterheimar i Sunnhordland ikkje får den oppfølginga dei har krav på.

I rapporten står det at Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) bryt lova og ikkje gjer jobben sin godt nok. Leiinga manglar oversikt og alle lover og rutinar blir ikkje følgt. Fylkeslege Helga Arianson ser alvorleg på saka og meiner det er stor risiko for svikt i oppfylginga av fosterbarna.

– Dette oppfattar vi som ei alvorleg svikt i ein veldig viktig teneste, seier Arianson.

 

SIB bryt lova

Det var 6. og 7. mai i år at Fylkesmannen i Hordaland kom på eit varsla tilsyn hos Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB), målet var å sjekke barnevernstenesta sitt arbeid med ungar som bur i kommunale fosterheimar. Om dei får den oppfølginga dei har krav på, om dei vert høyrde og om fosterforeldra får gode nok råd og rettleiing. Konklusjonen var at SIB bryt lova.

– Dei har ikkje god nok oversikt, ikkje gode nok rutinar og dei har ikkje gjort alle dei tilsynsbesøka dei skal gjere. Dei har ikkje oversikt over kor dei burde sett inn tiltak som gjer at dei kan vera sikker på at desse barna har det bra nok, seier Arianson.

Oppfyller ikkje krava

I rapporten står det også at leiinga ved SIB er klar over at dei ikkje oppfyller alle krava om oppfølging og tilsyn av fosterheimsbarna utan at tiltaket er sett inn.

– Dei veit ikkje kva konsekvensar enkelte barn kan få av dette. Her vil eg seie at leiinga ikkje har kontroll på denne verksemda, meiner Arianson.

Leiar i SIB Trine Hjertholm meiner at dei har gjort tiltak.

– Anten har ikkje vi dokumentert eller orientert godt nok, men vi sette faktisk inn to ekstra årsverk i «lav omsorg» i sommar 2014 for å rette opp dette. Dette er tiltak som er gjort, seier ho.

Sjølv om enkelte tiltak er gjort er Hjertholm likevel einig i kritikken.

– Dette er jo ting vi har vore kjend med, så det har ikkje overraska oss at vi har fått avvik. Det var eigentleg forventa, og eg ta det veldig alvorleg. Vi har laga ein plan om korleis vi skal jobbe for å endre, seier Hjertholm.

Må rydda opp

Sunnhordland Interkommunale Barnevern må rydda opp i forholda innan 25. september.

– I denne samanhengen så snakkar vi om lovkrav. Så vi har ein heilt klar forventing at dei gjer noko for å rette opp i det. Det er ein alvorleg svikt vi har funne og vi kjem ikkje til å gje slipp på oppfølginga før vi ser at alt er på plass, seier Arianson.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Translate »