Barnevernet med propaganda

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Sidan BUFDIR no køyrer ein målretta og organisert kampanje ute i media – er det greit med eit tilsvar. Det er ikkje tilfeldig at VG, Dagbladet, TV2, NRK og ei rekke media plutselig skal sette fokus på kor synd det er på dei tilsette i barnevernet. Dette er propaganda med det formål å kneble ein debatt. Ein forventar at den kommunale leiinga skal støtte opp etc.

Eg linkar til denne artikkelen og viser ellers til avsløringane i forgårs der det kjem fram lovbrot i 90 % av tilsynet frå Fylkesmannen i Oppland. I den siste tida vert det avslørt meir og meir. Fabrikering av saksmapper, løgn og ukultur.

I Stryn kommune er det likeeins med kultur for å lyge eller vri sanninga. Det er nok beskyttelse av tilsette som utfører vald på barn. Å dekke over slikt vil ikkje hjelpe borna som treng vern.

Meir openheit, meir demokrati og aldri meir naivitet bør vere svaret.

Politikarane i Stryn gjer best med å faktisk bry seg om dei kommunale tjenestene, framfor å late som at alt er bra. Meir naivitet er ikkje svaret i all den tid media og dokumentarar viser interesse for overgrepa i Stryn kommune!

På tide at innbyggarane i Stryn stiller seg spørsmål om kva politikarane eigentlig gjer for å få reelt innsyn i tjenestene. Sålangt ser vi berre blind tillit. Det å ikkje ta debatten gjer at dei tilsette i barnevernet står i kryssilden åleine og er eit svik i utviklinga av ei betre tjeneste.

Det er eit grovt svik mot barn !

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*