Bratteteigfamilien må i retten på nytt: – Anken er viktig for heile kommune-Noreg

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

PÅKJENNING: Advokat Pål A. Eide meiner det er umenneskeleg av kommunen å utsetja ekteparet Bratteteig for nye store påkjenningar ved å tvinga fram nye rundar i retten. Foto: Arkiv/May Grethe Lerum

Sogndal kommune ankar dommen frå Sogn og Fjordane tingrett, der familien Bratteteig fekk medhald i at kommunen er erstatningspliktig etter feil gjort av Sogn barnevern.

– Dette ei sak som først og fremst er viktig å anka for å få avklaring i høgare rettsinstans om kva handlingsrom barnevernet har når ein vurderar tvangstiltak. Gjennom å anka bidreg Sogndal kommune til avklaring av dei prinsipielle spørsmåla, ikkje berre for eigen kommune, men for heile kommune-Noreg, seier kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen.

Han har saman med barnevernsleiar Hadle Blikra og KS-juristen bidrege til rådmannen si avgjerd om løfta saka til Gulating lagmannsrett.

Kommunen oppgir elles at anka kjem fordi dei meiner at retten ikkje i stor nok grad har vektlagt barneperspektivet, altså kva kommunen meinte var til barnets beste då barnevernet hasteflytta eit barn ut av heimen.

PRINSIPP: Barnevernsleiar Hadle Blikra og kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen meiner dommen mot kommune og barnevern må ankast av prinsippielle årsaker. Foto: Arkiv/May Grethe Lerum

Uforståeleg
Familien sin advokat På A. Eide er opprørt over at klientane hans, som etter fire års påkjenningar vann fram i tingretten, blir tvungne til nye rundar i vitneboksen.

Advokaten er også kritisk til hovudårsaka kommunen oppgjev for anka.

– At denne utslitne familien skal ofrast av prinsippielle grunnar og omsyn til kommune-Noreg, er heilt uforståeleg, seier han.

Han meiner kommunen utnyttar denne situasjonen, og at familien no blir skadelidande på nytt.

– Her har kommunen fått ei avgjerd etter grundig bevisføring, ein dom som seier barnevernet har gjort feil som utløyser økonomisk erstatning. Det skulle vera greitt å forhalda seg til, meiner advokaten.

– Seigpining
Nils Kristian Bratteteig fekk meldinga om ankesaka med sjokk og vantru.

– Me er heilt utslegne. Me hadde ikkje trudd dei ville vera så umenneskelege. Dette er seigpining, seier han.

Bratetteig er særleg bekymra for helsa til kona, når dei også framover må leva i uvissa og gjennomgå nye rundar i retten.

– Kommuneleiinga tek ingen menneskelege omsyn. Det er ufatteleg at dei køyrer fram KS-advokatar og går laus på eigne innbyggjarar, seier Bratteteig.

Saka har gjennom fire år kosta familien dyrt, også økonomisk. Den blir heller ikkje billeg for kommunen, som uansett ikkje vil bli tilkjend dekking av sine sakskostnadar.

– Dei har null respekt for eigen pengebinge også. Det er innbyggjarane sine midlar som blir brukt når heile saka skal gjennomarbeidast og førast på nytt, seier han.

No ber Bratteteigfamilien om at politikarane grip inn mot administrasjonen sine val.

– Me håpar at det finst politikarar som føler at dette ikkje er rett, at det menneskelege må bety noko, og at dei grip inn.

Aktløyse og akuttvedtak
Kommunalsjef Krakhellen seier kommunen ikkje kunna lata vera å anka.

– Eg har stor respekt for den vanskeleg situasjonen dette medfører for familien, men etter ei totalvurdering meinte me at me var nøydd til å anka, seier han.

Det er barnevernsleiaren som får fagleg kritikk i dommen.

– Å vera i slike prossessar er krevjande for alle, også kommunen sine tilsette, men eg oppfattar at dei involverte hjå oss også har eit behov for å få dommen vurdert i ein høgare instans, seier han.

Sogndal kommune meiner tingretten har lagt til grunn ein for høg terskel for å gjera vedtak om akuttplassering av barn. Kommunen vil også ha avklaringar om kvar grensene går med omsyn til aktløyse og premiss for erstatningsansvar.

– Kan ein rett seia noko så konkret at det blir arbeidsinnstruks for barnevernet?

– Utan å seia noko om jussen i det, så vil ein i praksis ta inn det som kjem fram som prinsipp og avklåringar i rettsystemet, seier han.

Det er uvisst når ei ankesak kan koma opp for Gulating lagmannsrett.

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

1 Kommentar

  1. Retten har ikke vektlagt barneperspektivet nok ??
    Retten har sjekket om det er grunn til å tro at barneperspektivet er meningsfylt og har noe med barnets perspektiv å gjøre …

    Konklusjonen av juridiske vurderinger ser ut til å være at den kommunale barnevernets forståelse av barnets beste ikke har noe med barnets faktiske barnets beste å gjøre — noe som kan være en riktig konklusjon av den juridiske gjennomgangen.

    Barneverntjenestene i kommunen må ha en materiell dokumentasjon på faktagrunnlaget bak deres tro på hva som er barnets beste. Min forståelse er at de har sviktet alvorlig her.

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*