Brukar lang tid på dommaravhøyr

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Det vart i fjor brukt i gjennomsnitt 65 dagar frå anmeldelse til det vart gjennomført dommaravhøyr ved Barnehuset i Kristiansand.
Det vart i fjor brukt i gjennomsnitt 65 dagar frå anmeldelse til det vart gjennomført dommaravhøyr ved Barnehuset i Kristiansand.

Det tok i fjor i gjennomsnitt 65 dagar å få gjennomført dommaravhøyr frå anmeldelse ved Barnehuset i Kristiansand.

Ifølgje lova skal det ikkje gå meir en 14 dagar frå anmeldelse til det vert gjennomført dommaravhøyr.

Anne Lise Farstad - Anne-Lise Farstad ved Barnehuset i Kristiansand. - Foto: Cathrine Mjøs Sviggum / NRK
Anne-Lise Farstad ved Barnehuset i Kristiansand.FOTO: CATHRINE MJØS SVIGGUM / NRK 

Ifølgje årsrapporten frå Barnehuset tok det i gjennomsnitt 82 dagar før dommaravhøyr vart gjennomført i valdssaker.

I valdtektssaker tok det i snitt 42 dagar.

Bryt 14 dagars fristen

– Enkelte saker tek på grunn av kompleksiteten lang tid. Det skal ikkje mange slike saker til før det statistisk sett ser ut som om sakshandsamingstida er uforsvarleg lang, skriv Barnehuset i sin rapport.

Barnehuset skriv at det gir eit meir korrekt bilete å fokusere på medianen av sakshandsamingstida.

Då kjem ein ned i 44 dagar i valdssaker, medan det i seksuelle overgrepssaker var 36 dagar.

Likevel vert altså fristen på 14 dagar broten.

Lang tid før oppmoding

Barnehuset skriv også at det tok i gjennomsnitt 60 dagar frå anmeldelse til det vart sendt oppmoding om dommaravhøyr til tingretten.

I valdssaker var gjennomsnittstida 60 dagar, medan det tok 22 dagar i gjennomsnitt for seksuelle overgrep.

– Dette viser at også ventetid i domstol har utslag for sakshandsamingstida. Det er sikkert fleire faktorar som kan forklare dette, og som det er viktig å setje fokus på for å redusere ventetida for barn og vaksne psykisk utviklingshemma, skriv Barnehuset i rapporten.

I oktober i fjor fortalde NRK at Barnehuset i Kristiansand toppa ventestatistikken på landsbasis.

Anne Lindboe - Anne Lindboe. - Foto: Henrik Brattli Vold /
Anne Lindboe.

FOTO: HENRIK BRATTLI VOLD

Då sa barneombod Anne Lindboe at dårleg prioritering er mykje av årsaka til den lange ventetida.

– Treng auka fokus

– Det er rett og slett snakk om å prioritere barn. Problemet er at det finst ein del tilgjengelege ressursar, men vi brukar det ikkje på barnesaker, sa Lindboe.

– Vi treng auka fokus hos politiet, barnevernet og helsevesenet på barn, som vert utsett for vald og kor alvorleg dette er, sa ho.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*