Krev svar frå barnevernet i Herøy

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Kjell Runde, barneskulerektor og kommunestyrerepresentant. FOTO: ARNE FLATIN / NRK
Kjell Runde, barneskulerektor og kommunestyrerepresentant.
FOTO: ARNE FLATIN / NRK

av Kjell Runde

Eg forstår at vi treng – og er glad for at vi har – eit barnevern, og at barnevernet gjer svært mykje godt. Eg vil understreke så sterkt eg kan at barneveret gjer for det meste ein framifrå god jobb, der dei er ein god støttespelar og rådgjevar for mange, og for mange familiar som treng det. Eg ser også at stundom er det naudsynt med omsorgsovertaking.

Den sida er udiskutabel, men det finns ei anna side, som vi ikkje har lov å gløyme, der barnevernet gjer «overtramp».

Kommunestyret har eit overordna ansvar for all kommunal forvalting. Runde stiller fleire spørsmål som han forventar at barnevernet i Herøy kan svare på, spørsmål for spørsmål, frå 1 til 12. –

Etter opplysningar eg har fått, er det alvorlege skuldingar mot barnevernet i Herøy som ein må få klarheit i. For ordens skuld har eg skriftleg løyve frå vedkomande til å bruke opplysningane eg kjem med, og skriftleg løyve frå vedkomande der Herøy barnevern vert friteken frå teieplikta i vedkomande sak. –

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er krystallklare, og støttar – slik Helsetilsynet og Fylkesmannen tidlegere har gjort – at Byrådet (i Oslo) etter Kommuneloven har det overordna tilsynsansvar for den kommunale forvaltninga, og som ein konsekvens av dette har det også (forvaltningslovens § 13, 4. ledd) tilgang til teiepliktige opplysningar. – Fylkesmannen, Helsetilsynet og departementet har gitt ein klar beskjed til Oslo kommune: «Dere har selvsagt tilsynsansvaret for barnevernet. Det er særs viktig beskjed for barn som blir utsatt for mishandling eller alvorlig omsorgssvikt.» Eg er trygg på at dette gjeld for alle kommuner, også Herøy.

Dette er spørsmåla Kjell Runde ønskjer svar på:

Spørsmål 1. Har barnevernet i Herøy kompetanse til å stille diagnose på foreldre? Ein forelder har fått diagnosen «personlighetsforstyrrelse» av barnevernet. Kven er lege i barnevernet i Herøy som kan stille diagnoser?

Spørsmål 2. Er umelde tilsyn i heimen opptil 5 gongar pr. veke å rekne som hjelpetiltak?

Spørsmål 3. Etter ei omsorgsovertaking skal arbeidet med å føre barnet tilbake til forelder/ foreldra starte med ein gong. MEN – går ein ut i media vert det arbeidet stoppa. Kva er grunngjevinga til barnevernet i Herøy at dei stoppar tilbakeføring? Er det fordi eg som politikar set søkelys på handlemåten til barnevernet? Eg kan nemne døme. Rådmannen i Herøy fortalde meg at fordi eg kritiserte barnevernet i pressa, så øydela det ei sak (om tilbakeføring). Har ein som vert fråteken barn/barnet ikkje ytringsfridom? Og- barnevernet straffar barnet som ikkje vert tilbakeført til biologisk forelder//foreldra. Er det til det beste for barnet? Har barnevernet i Herøy lovheimel for å stoppe ei tilbakeføring fordi foreldre snakkar med meg som politikar, i så fall kvar er lovheimelen?

Spørsmål 4. Eg får opplysningar om at barnevernet i Herøy kjem med trugsmål – viss ikkje de gjer slik og slik så… Er det rett at barnevernet i Herøy nektar forelder/foreldre å gå i kyrkja? Kva lovheimel har barnevernet i Herøy til å gjere det? Er det rett at barnevernet i Herøy har pressa ei mor til å ta abort, viss ikkje ho gjer det, tek dei både barnet ho alt har, og det ho bar på? Mora tok abort, og har flytta frå Herøy. Har fått opplysningar med mor sjølv, som har vitne på hendinga. (Tenk deg overskrifta: Barnevernet i Herøy pressa mor til å ta abort.)

Spørsmål 5. Er det lov å plassere barn i ein fosterheim der yngste biologiske barnet ikkje er fylt 2 år?

Spørsmål 6. Kvifor får ikkje mor ha omsorg for eige barn når mor har eineomsorg, og 3 psykologar i sine utredningar skriv at mor er i stand til å ha omsorg for eige barn? Den eine psykologen er kommunen sin eigen psykolog, og støttar mor fullt ut i sak mot BH.

Spørsmål 7.: Ei mor har time med fastlegen sin. Bestemor til barnet passar barnet i mellomtida. Brått og utan forvarsel kjem 11 personar på døra. Det er 5 uniformerte frå politiet, 5 frå barnevernet og ein frå barnehagen. Barnet ligg trygt i senga. Barnet vert riven opp, ein får knappast kle på barnet før dei forsvinn ut dørene med barnet etter få minutt. Dei viste ikkje noko skriftleg vedtak, berre reiv barnet med seg. Står barnevernet over Grunnlova sin § 102? Den seier: » Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin kommunikasjon. Husransakelse må ikke finne sted, unntatt i kriminelle tilfeller. Statens myndigheter skal sikre og verne om den personlige integritet.» Dette er og truleg brot på EMK art. 8 . Kva kriminell aktivitet var det hos bestemora som passa sitt eige barnebarn? Korleis hadde du som besteforelder reagert? Kvifor ikkje «ta» barnet når det var hos mor? Etter barnevernlova §6-8 kan det krevjast bistand frå politiet til utføring av vedtak etter §4-6 andre ledd, § 4-9 første ledd og §4-25 andre ledd andre punktum. Det må vere eit sjølvstendig vedtak om å nytte politiet. Eit midlertidig eller eit førebels akuttvedtak er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg. Det er berre leiaren av barnevernet som kan gjere vedtak om politibistand. Og – er vedtaket fatta i det heile? Mor har aldri fått sett vedtaket. Er det lov?

Spørsmål 8: Barnet hadde normal utvikling, var frisk og i god form, glad og tilfreds, korkje helsesøster eller barnehagen hadde noko å utsette på barnet si helse, eller samspel med mor. I dag, etter at barnet vart teke etter akuttvedtak, og plassert i fosterheim, har barnet tilknytningsvanskar, og er pasient hos BUP. Barnevernet gjennom sitt vedtak om omsorgsovertaking, har påført barnet ei psykisk liding. Nyare forskning viser at 75 % av barnevernsbarn i institusjon slit med psykiske vanskar, 50 % av barn i fosterheim slit også med psykiske vanskar. Det er 10 gonger høgare enn hos andre barn. Til beste for barnet?

Spørsmål 9. Kan barnevernet nekte foreldre/forelder innsyn i eiga sak? Barnevernet har plikt til å gi foreldra/foreldra full informasjon om kva rettar foreldra/forelder har. Jfr. EMK art. 6. Eg har døme på at ein tilsett i BH nekta ein forelder innsyn i eiga sak. Då må BH vise til kva lov dei brukar, samt informere om at det er eit enkeltvedtak, og vise til kven som er ankeinstans. Det er ikkje gjort!

Spørsmål 10. Eg får opplyst at BH seier til foreldre/forelder at besteforeldre ikkje har rettar i barnevernssaker. Stemmer det? Menneskerettsdomstolen slår fast at besteforeldre har partsrettar. Dei er besteforeldre, nær familie, og har såleis partsrettar på lik linje med barnet sjølv når det er over 15 år.

Spørsmål 11. Her må eg sitere mennskerettsadvokat Marius Reikerås: « Av EMK art. 8 går retten til respekt for mellom anna «familieliv» fram. Forholdet mellom foreldre og barn, høyrer naturleg inn under dette uttrykket. Ved omsorgsovertaking vil det difor alltid skje inngrep i denne retten. For å rettferdiggjere dette inngrepet må staten/barnevernet bevise at det er naudsynt i eit demokratisk samfunn som vårt. Det er dette kriteriet som oftast er årsaka til at mange land vert dømde for brot på konvensjonen. EMD har altså lagt til grunn at under «retten til respekt for familieliv» inngår det ein rett til samvær mellom barn og biologiske foreldre, sjølv om desse i ei periode ikkje bur saman. Når ein bestemmer samvæ- ret, skal det i utgangspunktet takast med at barnet skal tilbakeførast til foreldra. Dette skal i utgangspunktet vere eit overordna mål. Dette siste kan seiast å vere eit direkte utslag av det biologiske prinsippet. EMD har i mange saker vist at ein legg stor vekt på målet om gjenforeining. Lagar BH ei oppfylgjingsplan om gjenforeining med foreldra i alle saker der HB tek over omsorga? Vert foreldra informerte om planen for tilbakeføring?

Spørsmål 12. Barnevernet journalfører møter -og møtereferat. Korleis kvalitetsikrar BH at møtereferatet er korrekte? Går BH gjennom møtereferata med klienten for å sikre seg lik oppfatning av kva som vert sagt, og får også klientane/klienten skrive under, eller er det berre ein barneverntilsett som skriv referat utan kvalitetssikring? Kva då med truverdet til kvaliteten i det som er skrive når det vert dissens?

 

 

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*