– Mange eg kjenner stolar ikkje på barnevernet i Os

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

– Barnevernet skal jo vera til støtte for foreldre som slit og har utfordringar, men her i Os er me mange som opplever at me tvert i mot får større problem om me spør om hjelp, hevdar Mona.

Av Kenneth SvenningsenVil, osogfusa

Tobarnsmora las saka om då barnevernet i Os hadde open dag sist veke. Ho er blant dei som ikkje hadde særleg lyst til å gå.

– Eg har hatt mine erfaringar med barnevernet i Os, og dei er ikkje særleg gode, seier Mona.

Ho ønskjer å setja ord på det ho hevdar mange føler, men som ikkje blir sagt høgt.

– Det er rett og slett slik at ein ikkje stolar på barnevernet her. Ein veit ikkje kvar ein har dei. Ein spør om hjelp og støtte, og får mistankar og utspørjing tilbake.

– Stadig ulike saksbehandlarar

32-åringen fortel at ho kom under lupa til barnevernet etter at «nokon melde frå om at borna hennar skreik og var unormalt høglytte». Fordi det var mistanke om vald i heimen, vart det eine barnet oppsøkt på skulen og spurd ut, ifølgje mora, utan at ho visste om det.

– Det var ei veldig ubehageleg oppleving både for barnet mitt og meg. Det har aldri vore vald i heimen vår, men det er altså noko som for all ettertid no vil hengja ved meg i papira til barnevernet, seier ho.

I forlenginga av denne saka såg ho seg nøydd til å koma med urin-prøve for å prova at ho ikkje var rusavhengig.

– Eg har aldri nytta narkotika av noko slag. For meg var det krenkande, seier ho.

Ein annan ting ho synest var ubehageleg og utfordrande, var at ho stadig møtte nye saksbehandlarar.

– Det er lite kjekt å sitja og måtta fortelja same histora om att og om att og syta for at den enkelte saksbehandlar til ei kvar tid er oppdatert. Samstundes er det nær sagt fascinerande å oppleva kor ulike saksbehandlarane er. Nokon viser sympati og ser ut til å bry seg, andre ser ut til at dei bryr seg mindre om det mennesket som sit framfor dei, seier Mona.

– Mange av brukarane våre er nøgde, men me kan alltid bli betre

Kynisk hemn: Mona hevder at ho veit om fleire tilfelle der folk er blitt meld til barnevernet berre ein person ønskjer å gjera ein annan person vondt.

Vil ta hemn

Mona meiner også at enkelte utnyttar barnevernet for å bringa andre i ulukke.

– Dette veit eg skjer, fordi det har skjedd meg. To gonger opp gjennom åra har eg blitt meldt til barnevernet av folk som har ønskt å hemna seg på meg av ulike grunnar. Følgjene har vore omfattande og nærgåande ettergang av meg og familien min.

– Kan du forstå at barnevernet har ein vanskeleg jobb?

– Nei. Eller sjølvsagt kan ein del saker vera vanskelege, men nokon gonger har eg følt at innstillinga deira har vore meir å «ta folk», enn å hjelpa. Det har noko med måten ein går inn i saker på.

Ho fortel om vener og familie som har opplevd langt verre ting enn ho i samband med barnevernet.

– Eg har opplevd å bli krenka og sett ned på. Det er jo til å leva med, men å bli fråteken borna sine på feilt grunnlag og måtta kjempa ein eviglang kamp for å få dei tilbake, unnar eg ingen. Ein i min familie opplevde det, før han vann fram til slutt, fortel ho.

Tatt feile val: Mona vedgår at ho har gjort feil, mellom anna i val av folk ho har vore saman med, men hevdar at ho aldri har forsømt borna på nokon som helst måte.

Må villa kvarandre vel

Mona har framleis saker som ligg hos barnevernet. Nett no er det ingenting som «hengjer ved ho», men ho veit at ho er å finna i kartoteket deira.

– Det er også noko av det uheldige med at ein stadig får nye saksbehandlarar. Dei tek opp gamle saker som er ute av verda og ordna opp i. Ein blir aldri ferdig med det som har vore diskutert tidlegare.

På spørsmål om kva Mona kunne ønskt seg meir av frå barnevernet, seier ho følgjande:

– Eg skulle ønskt at dei kunne møta folk på ein meir fordomsfri måte. At dei viste meir omsorg og omtanke i møte med dei foreldra som dei oppsøkjer eller blir oppsøkt av. Alt i alt handlar det om innstillinga. Eg har kjent på ei slags ovanifrå-og-ned-haldning kvar einaste gong eg har blitt møtt av representantar frå barnevernet her i Os. Det meiner eg er ein uheldig måte å møta folk på. Ein får ikkje den beste dialogen på den måten, seier 32-åringen.

– Du fortel at du sjølv har hatt fleire episodar med barnevernet. Er det heilt tilfeldig eller er det noko du sjølv kunne gjort annleis?

– Som mor og i samværet med borna, meiner eg at eg aldri har opptredd klanderverdig i den grad at barnevernet burde vore involvert. Men eg ser i ettertid at eg ved eit par tilfelle har vore omgjeven av feile folk. Det angrar eg på, og det skal ikkje skje igjen med meg, slår Mona fast.

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*