Norges dehumaniserende strategi

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Barnepsykiater Jo Erik Brøyn

“LET THE SLEEPING DOG SLEEP”

Av Margaret Hennum “Netterket for menneskeverd”

Sakkunnigrapportane ligg tunge i vektskåla når barnevernet vil fjerne born frå foreldre og syskjen. Barnepsykiater Jo Erik Brøyn fekk skrive mange slike fordi han alltid støtta synet til oppdragsgjevaren sin; ein servilitet som óg gav han sete i Barnesakkunnig kommisjon, organet som vurderer sakkunnigrapportane i barnevernsaker.

I april i år vart Brøyn dømd til soning for nedlasting, oppbevaring og deling av seksualiserte overgrepsbilete og seksualiserte overgrepsvideoar av born: knapt 200 000 bilete, og 12 000 videoar med speletid på 4000 timar. Barnepsykiateren brukte flittig arkivet han bygde opp over 20 år; etter endt arbeidsdag meiska han seg med synet av oralsex mellom gutar, oralsex som smågutar var tvinga til å utføre på vaksne menn, valdtekter av born, heilt ned i spedbarnsalder, og alle utenkjelege perversitetar! Handlingar som sunne menneske reagerer på med oppkast, gråt, raseri og vanvit, gleder Brøyn, fordi det gjer han so roleg og nøgd!

Norske media er ordknappe om denne skandalen, og den pedofile på tiltalebenken får vere anonym; ein anonymitet som tek frå alle dei Brøyn er medansvarleg for miste borna, sjansen til å kunne krevje ny vurdering av sakene sine.

Tim Whewell, journalist i BBC, kjenner krisa i norsk barnevern frå ein reportasjetur i 2016, då Bodnariusaka engasjerte ei heil verd. Den andre BBC-dokumentaren hans om barnevernet i Noreg laga han i vår i kjølvatnet av Brøynsaka, kalla “Noreg si tause skandale” (Norway´s Silent Scandal). Tausheita i kjølvatnet av domen sjokkerer denne reportaren; som hevdar at i England ville domen vore ei offentleg skandale, som ville skapt stor offentleg debatt, og som ville skapt store overskrifter i media!

I dokumentaren spør Whewell tidlegare barneombud Reidar Hjermann (2004 – 2012) om han trur gleda over synet av overgrep mot born kan ha påverka arbeidet til Brøyn. “Det kan og det kan ikkje”, svarer Hjermann, utan å kjenne identiteten til den domfelde, men velinformert om arbeidsforholdet hans i barnevernet. Og han reflekterer ikkje meir over spørsmålet. Fyrst når Hjermann vert konfrontert med at Brøyn overprøvde ein rapport frå Hjermann sjølv, at han sjølv er råka, kjem han litt på glid, at kanskje ville det vere ein god ide å sjå på sakene Brøyn he vore involvert i likevel?!

Men ingen vil gå arbeidet til Brøyn etter i saumane, ingen i det lokale barnevernet, og ingen i det statlege. Barnesakkunnig kommisjon he sett på arbeidet hans i kommisjonen, og finn alt såre vel! Den domfelde og vanæra barnepsykiateren, som Whewell stendig omtalar han som, er far til tvillingar. Dei er kjøpte av eit surrogatmor i India, ein handel som i si tid fekk vid omtale i media, illustert med bilete av den barnevernsløna Brøyn med dei morlause borna sine på arma.

Denne farsrolla gjer Thore Langfeldt aktuell i rettsaka. Spesialisten i klinisk psykologi og klinisk sexologi kjenner den tiltalde godt, og han meiner dei to småborna framleis må få vere hjå den pedofile overgrepsnytande far sin.

Takka vere sosiale media er identiteten til Brøyn likevel vorten kjend, og med gru oppdagar foreldre at han som fråkjende dei evnene til å vere foreldre, som spelte ei nøkkelrolle i prosessen som fjerna borna deira, i oppkonstrerte saker, er ein notorisk nytar av synet av overgrep mot born! Og med gru får dei vite at han får behalde borna sine! Inez Isabel Arnesen er ei av dei. Møtet med henne og ei anna mor i dokumentaren gjer djupt inntrykk; begge tilfeldig råka av eit system i djup krise.

Domen førde til tap av autorisasjonen som psykiater; kvifor, om det ikkje var for at han m.a er ueigna til å vere sakkunnig i barnevernsaker? Kvifor får då ikkje dei hundretals borna han he vore med å merkje for livet sakene sine vurderte på nytt når sakkunnigrapportane hans viser seg å vere verdilause? Fordi sakkunnigindustrien ikkje vil overleve dei hundrevis av saker som då laut takast opp att! Dette veit spesialist i klinisk psykologi Reidar Hjermann, likeeins spesialist i klinisk psykologi og sexologi Thore Langfeldt. Og for styresmaktene ville det vere ei skandale, som ville vise verda at kritikken mot overgrepa i barnevernet er sanne!

Langfeldt vert reint gemytleg når han vert beden om å beskrive reaksjonen sin på reportasjeturen til Tim Whewell: “Då du ringde, sa eg, gode gud kva er det han styrer med! Kjem hit for å prate om ei slik sak, ei aldeles normal sak i Noreg; oss he då mengder av dei! Der er fleire med liknande domar, og skulle alle dei råka få ny vurdering, ville det vere hundre på hundre det gjeld, og systemet ville kollapse. Let the sleeping dog sleep.”

Påstanden frå Langfeldt om at Brøynsaka ikkje er eineståande, at oss he mengder av slike saker i Noreg, er ei perle! For Langfeldt er ingen kven som helst i denne samanheng. Med eige senter for (førsøk på) behandling av pedofile, he han ei eineståande oversikt over forekomsten av slike, kven dei er og kvar dei jobbar. Her stadfestar han at dette er ein normalsituasjon i barnevernet! Nettopp slik tallause he hevda, som he sett bv frå innsida, at dette er ikkje menneske med normale kjensleliv! At det aular med pedofile kunne vel ingen vite, men at det er mange avvikarar der, det burde vere lett å sjå. Og det er ikkje berre hjå sakkunnige, det er hjå alt frå barneverntilsette til politi og domarstand!

Desse opplysningane frå Thore Langfeldt gjer han svært sentral i identifiseringa av bruken av pedofile i barnevernsindustrien.

BBC sin radiodokumentar

BBC sin tv-dokumentar

BBC sin teksta dokumentar

BBC sin Bodnariudokumentar

Engelsk versjon av notatet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook!

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*