Stryn kommune og keiserens nye klede – vi tek på oss full tillit!

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Tor Åge Berglid i Debatten på NRK1. FOTO: NRK SKJERMDUMP


(Fjordingen) Så kom Samnanger-rapporten:

Knusande rapport mot barnevernet: «Ett barn er fullstendig fratatt sin barndom».

«Ei ny gransking av fleire barnevernssaker i den vesle kommunen Samnanger avdekker svikt og grove feil over fleire år. – Eg er heilt rysta, seier ordføraren».


Slik vart ei sak presentert på NRK Vestland 24. april i år. Saka har etter kvart fått fleire oppfølgingar og vil nok rulle i mediabildet ei stund framover. Spesiellt skal ein legge merke til ei overskrift som mange finn heilt rystande:


Barnevernet tok barna uten grunn: – Jeg mistet hele oppveksten deres.


Så no er det endelig bevist ein gang for alle det mange har hevda -det er faktisk mogleg!

Men korleis kunne noko slikt skje? Instansane fylkesnemda, tingretten, samt fylkesmannen ser vel kommunane i korta? Det sit jo langt inne å ta born frå ein familie før det meste er prøvd. Ein brukar også næraste familie, så det er berre i ytterste konsekvens og alvorlege saker at ein går til omsorgsovertaking? Som lokalpolitiakar må ein stole på at systemet fungerar, og i verste fall er det «berre ei enkeltsak». Frustrerte foreldre vil naturlegvis klage, men er sjølvsagt ikkje objektive og dertil eigna som kjelde til informasjon. Varsel om at noko er riv ruskande gale vert derfor ikkje teke på alvor, men ei omfattande ansvarspulverisering finn stad. Offer som frå før er utsette for eit overgrep, vert ikkje trudde eller lytta seriøst til. Ein finn merkelappar på offera og puttar kritikken i boksar som konspirasjonsteoriar, frekke folk som er i mot barnevernet som attpåtil gjer så mykje bra og har ein vanskeleg jobb. Varslarane får ingen respons med det resultat at ein debatt som høyrer heime i politiske miljø vert jaga ut i sosiale media og organisasjonar med formål – å varsle om eit system som er ute av kontroll! Det er ei falitterklering og misforstått støtte når ansvarlege melder sitt fråfall i debatten. Dommen i Fjordane tingrett der ei kvinne er dømt for vald mot ein tilsett i barnevernet i Stryn, viser til manglande oppfølging av kvinna som vart dømt. Kjenner kommunen ansvar for at denne valden kunne vore unngått? Offera vert ikkje sett for situasjonen dei står i, og evnen til å lytte er fråverande sjølv om profesjonelle fagfolk stod bak «den nasjonale bekymringsmeldinga» i 2015.


Norsk barnevern må ha eit godt omdøme og full tillit skal ein få hjelpt born i tide. Blind tillit gjer at ein ikkje får ein saklig og god debatt om barnevernet og utvikling av desse tenestene. Kritiske funn på systemfeil kan føre til at folk vil slutte å melde eller miste tilliten til barnevernet. Det oppstår dermed ein lukka og usunn kultur i systemet utan innsyn der politikaren vel å oversjå problemet og utstede full tillit. Eg vaks opp med skuledebatten kring Fjelli Skule på 80 talet og huskar godt omgrepet «skammens monument». Etter den opplevinga vi har hatt med lokaldemokratiet i Stryn kommune i von om å nå fram med varsla, tenkjer eg det er på høg tid å levere omgrepet tilbake til der det høyrer heime – Stryn kommunestyre i forrige periode. Eit skammens monument når vi ser fasiten og resultatet av arbeidet utført i Samnanger kommune. Eit samfunn kan tydelegvis også målast på den rikdomen det er med sanne ekte samvitsfulle politikarar som kan stå rakrygga inn i framtida ved å ta eit oppgjer med ei fortid som ikkje har vore grei på noko måte. Samnanger kommune vurderer no å reise sak mot dei ansvarlige som kunne stå på og sjå at dette skjedde og seier som det er:


Denne rapporten avdekker offentlig trakassering av grovaste sort. Derfor er det viktig at vi følgjer opp saka i alle ledd, seier ordfører i Samnanger kommune, Knut Harald Frøland.


Vi som har prøvd å varsle er godt kjent med hersketeknikkar og ansvarsfråskriving i alle ledd, men la oss ta ei oppsummering på kor sakleg og korrekt tjenesteveg vi har freista å gå fram.


I 2015 tok ei gruppe foreldre i Stryn kontakt med ordførar Sven Flo og bad om møte. Eit møte fekk dei og formannskapet deltok. Ein sette fram alvorlege og dokumenterbare klager på barnevernstenesta i Stryn og tilbydde fullt innsyn i alle dokument. Ein gjekk frå møtet i von om at her ville bli ei oppfølging.


Det var forslag at Stryn kunne bli ein mønsterkommune på å ta ansvar for sitt lokale barnevern. På den tida kom den nasjonale bekymringsmeldinga frå ein rekke profilerte fagfolk som advokat Thea Totland, psykolog Einar Salvesen og Gro Hillestad Thune som tidlegare dommar i menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Alle desse var villige til å ta på seg eit granskningsoppdrag om Stryn hadde vist vilje til dette. Men ein fekk aldri noko tilbakemelding, og ikkje registrerte ein noko offentleg debatt om barnevernet. Det er eit IKKJE-tema i Stryn kommune.


Demokratiet tok derfor til gatene gjennom markeringar. Stryn vart sentrum for den verdsomspennande D-Dagen for fokus på norsk barnevern og menneskerettar. Per Bolstad plass vart fyllt opp av engasjerte menneske og aldri før har eit tog på om lag 400 personar gått i gatene i Stryn med parolen «Vakn opp Noreg» for å sette fokus på ei så viktig problemstilling og viktig nødvendig teneste.


Riksmedia, region og lokalaviser freista med sitt å sette fokus på forholda i barnevernet. ARTE TV med stort medianettverk over heile verda kom til Stryn og laga ein dokumentar som vart nominert av dei 3 beste i Europa i 2016. Oversett til mange språk og sett av milliardar av sjåarar verda over.

Ellers har BBC, SBS og ei rekkje fleire internasjonale medier gjort barnevernet kjent slik at heile verda etterkvart har fått med seg at noko er alvorleg gale i Noreg. Likevel blir ein møtt med at det er utlandet som ikkje har forstått oss. Ingen ser at det er eit knefall at utanlandske medier og EU-politikarar måtte kontaktast for å dekke dei norske sakene. Det er nordmenn som klagar, også folk frå Stryn.


Fjordingen med sine leiar- kommentarar prøvde å sette fokus, men temaet vart likevel ikkje tekne opp til politisk debatt. Det einaste offentlege utspelet ein fekk i 2016 var ordførar Sven Flo som hadde full tillit. Han grunngav svaret med at ein måtte ha tillit til systemet på generellt grunnlag. Systemet er rigga slik at ei rekkje institusjonar sjekkar, og barnevernsaker er ikkje noko som politikerne skal ha innsyn i. Ein må stole på systemet. Til forsvar skal det nemnast at den same haldninga fann ein i dei andre politiske partia også. Dette er ikkje noko politikarane skal gripe fatt i og ingen grunn for å granske når barnevernsleiaren kjem til kommunestyret og seier at alt står vel til.

Så kom eit innlegg under overskrifta «Til Politikarane i Stryn». Innlegget vart aldri kommentert av nokon med ansvar, det einaste som skjedde var at det kom nokre politimeldingar fram og tilbake i tida som fulgte. Ein fin herskeknikk å bruke det, men til opplysning er det kun Stryn kommune som framleis er under etterforsking. Samstundes var det ei aldri så lita klappjakt etter kritikarar og personar vart forfulgt og fekk konsekvensar for deira arbeidsforhold.


Seinare kan ein lese i Fjordingen at det er eit alvorlig fall i bekymringsmeldingar, og grunnen til dette er nok «hetsing på sosiale medier». Det kunne ikkje tenkast at hjelpelinjene etterkvart har opplevd nok til å vere skeptisk til korleis barnevernet jobbar i Stryn? Sosialsjefen hadde ikkje motteke noko signal frå offentlege meldarar som ikkje hadde tillit. Kanskje ikkje så rart, press frå kommunale leiarar er dokumentert i rettsbok i Fjordane tingrett. Dette og meir alvorlege ting er politikarane informerte om. Uansett så har det ei rekkje ganger vore kontakt for å be om ein tilsvarande prosess Samnanger kommune har utført. Ein ynskte å møte dei ulike politiske partia og forklare korleis systemet faktisk fungerer. Konstruktive forslag kunne bli løfta opp til programarbeidet i dei ulike landsmøte. Ingen ville ta til seg kunnskap, og dermed er det meste prøvd av demokratiske prosessar.


Parallelt er det blitt eit auka fokus på problema i barnevernet. Frå å kjempe fram ein aldri så liten kritisk kommentar, er media no fulle av kriseoppslag om barnevernet nærast dagleg. Underteikna vart sjølv hasteinnkalla til Debatten på NRK for å legge fram tankar om havarikommisjon og sette fokus på alle akuttsakene. Ein heller hektisk debatt der ein frå «eliten» nok ein gang ikkje vil innsjå realitetane og alvoret med at vi er brått den verste nasjonen i Europa målt i folketal og saker som gjeld temaet barnevern. Snart 40 saker i EMD er berre toppen av isfjellet og domstolen er eit trangt nålauge å nå inn i p.g.a siling av saker. Men sakene er ikkje tall og statistikk eller nyttige korrektiv.

Det er alvorlege tilfelle der det har foregått regelrett angrep på foreldre og uskuldige born som vert ramma og familiar som ligg knuste etter at barnevernet har kome inn i livet deira. Det som skulle vere eit hjelpetilbod for å forbetre i ein familie, har vorte til maktmisbruk i det godes navn.

Prestisjesaker som har kosta enormt for samfunnet, men hadde ein brøkdel av midlane ein brukar i ei slik sak blitt sett inn som hjelpetiltak, kan ein lett tenke seg at utfallet hadde vore betre.

Menneskerettsjurist Gro Hillestad Thune oppsummerte det heile i debatten med oppgitthet over at «det går altså ikkje inn samme kva vi prøver». Dette blir ei kortfatta oppsummering på kor dårlig fatt det står til med lokaldemokratiet i Noreg, så la oss gå inn for landing og kome til poenget:


Tenk om politikarane hadde teke varsla på alvor og satt i gang granskning som foreslått i 2015.


Då hadde ein sluppe alt styret…


Så la oss gjere det klinkande klart for politikarane i Stryn kommune og oppmode om at innbyggarane også reflekterer om kva samfunn vi skal verne om:


EMK artikkel 1 Forpliktelse til å respektere menneskerettighetene


De høye Kontraherende Parter skal sikre enhver innen sitt myndighetsområde de rettigheter og friheter som er fastlagt i del I i denne konvensjon.


Dette fastslår at menneskerettsbrota skjer ikkje nede i Strasbourg. Dei skjer heime i Noreg i ulike kommunar. Det er «enhver innen sitt myndighetsområde» som i klartekst betyr dei folkevalgte som vel ordføraren, tilset rådmann, barnevernsleiar og tilslutt den enkelte tilsette. Dersom ein tilsett blir varsla for å utføre menneskerettsbrot – er det faktisk opp til politikarane å vere medskuldig med full tillit, eller faktisk sette seg i posisjon til å utføre sitt ansvar med innsyn, styring og kontroll.

Samnanger kommune har vist vegen å gå fram, og same forslaget fekk Stryn i 2015.


No vert ei interessant og viktig rettsutvikling utgreidd. Skal offentleg tilsette, roller og instansar stå til ansvar for sine handlingar?


Og kva med rådmann, eller ordføraren/lokalpolitikarane som sit med ansvarert for desse tenestene?

Ein oppmodar om at det faktisk no vert teke på alvor dei varsla som er sett fram slik at forholda i Stryn vert granska etter same måte som i Samnanger.


Viss ikkje får folket leve med at i Stryn dekker vi ukulturen til med tillit og lever godt med det.

Som ein politikar utalte til meg:


«Menneskerettane tenkjer eg står seg godt i Stryn kommune».


Men Stryn kommune kan ikkje lenger utelukke at det finst tilsvarande saker i Stryn. Det er vist tilsvarande engasjement, levert inn dokument og bevis som tyder på det. Minner om at same sikkerheitssystemet vart vist full tillit. Avsløringane i Samnanger tilhøyrer Fylkesmannen Vestland som ikkje fann noko, og same Fylkesnemda Hordaland og Sogn og Fjordane. Legg det på minnet når de gjer dykkar logiske forklaring for full tillit og ikkje behov for gransking til grunn vidare.


Eller er situasjonen grei nok så lenge ein ikkje opplever uretten sjølv?


Følg med på utviklinga i Samnanger og ta dykkar ansvar for å få sett i gang tilsvarande gransking. Barnevernsleiaren bør ha same interesse i å reinvaske tenesta for sladder og urette påstandar.


Ja! Barnevernet gjer sjølvsagt noko rett og, ja det skjer nok mange tragiske ting, og ja, det er to sider av ei sak. Det er ingen problem å erkjenne det. Men ver så snill å ta kritikken meir på alvor. Det er borna som må vere fokus og det er deira skjebner vi vil ha granska, enkelt og greit. Spørsmålet ein treng svar på, er om born vert utsette for urett i Stryn kommune. Innbyggarane og dei andre i hjelpelinjene bør og stille seg bak ei slik oppmoding. Tillit til barnevernet skjer gjennom opne og inkluderande prosessar med innsyn, og ein rapport blir eit nyttig verktøy for politisk styring av kommunen sine totale tenestetilbod. Media får også betre innsyn til å vere vaktbikkje over offentlig makt og kontroll i sammfunnet.


Det nye kommunestyret bør erkjenne at kritikarane har fått meir og meir rett om barnevernet. Det er på tide å reise seg og faktisk gå opp på talarstolen for barns beste slik dei gjorde i Samnanger. Mange tårer har trilla i Samnanger, men politikarane viste veg og tok ansvaret til fulle. No er mange auger i landet fyllte med tårer i håp om at avsløringane får fleire kommunar til å opne augene sine og ta eit kritisk blikk.


Stryn er utfordra nok ein gong, på mest mogleg seriøs måte, til å utlyse tilsvarande granskning og prosess som utført i Samnanger.


På vegne av fleire familiar i Stryn som framleis lever i eit håp om rettferd.


Tor Åge Berglid

nestleiar i foreninga Barnets beste

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*