Barn av ung muslimsk mor tvangsadoptert til kristen familie

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

dom

LA-2014-205019

Instans Agder lagmannsrett – Dom
Dato 2015-05-27
Publisert LA-2014-205019
Stikkord Barnevern. Samtykke til adopsjon. Særleg tungtvegande grunnar. Religion. Etnisitet. Best for barnet.Barnevernlova § 4-20.
Sammendrag Ein kommune fekk medhald i at foreldreansvaret skulle fråtakast biologisk mor og at det skulle samtykkjast i at ein gut på 5 ½ år kunne adopterast av fosterforeldra, som han hadde budd hos sidan han var eitt år. Tilknytingskriteriet i barnevernlova § 4-20 tredje ledd bokstav a) var oppfylt. Det var dissens i spørsmålet om adopsjon ville vere best for barnet, jf. bokstav b). Fleirtalet (4-1) kom til at særleg tungtvegande grunnar tala for å gje samtykke til adopsjon. Barnet var opphavleg frå [Land i Afrika], med muslimsk familiebakgrunn. Drøfting av kva vekt omsyna til etnisitet, kultur og religion skulle ha i samband med denne adopsjonen.
Henvisninger: Barnevernloven (1992) §4-20
Saksgang Aust-Agder tingrett TAUAG-2014-71140 – Agder lagmannsrett LA-2014-205019 (14-205019ASD-ALAG).
Om rettskraft
Parter A [mor] (advokat Alexander Behrang Mardazad v/advokatfullmektig Anna Alexandrovna Lutina) mot Æ Kommune (advokat Leif Oscar Olsen).
Forfatter Lagdomar Asbjørn Nes Hansen. Lagdommer Anne-Kristine Hagli. Ekstraordinær lagdommer Gunnar S. Andreassen. Meddomarar: psykolog Christina Salthaug, bygg- og anleggstekniker Halvor Skåli.
Henvisninger i teksten Menneskerettsloven (1999) EMKN A8, SPN A27 | Grunnlova (1814) §102, §104 | Adopsjonsloven (1986) §14 |Barnevernloven (1992) §4-4, §4-6, §4-12, §4-14, §4-15, §4-19, §4-20a | Menneskerettsloven (1999) BKN A3,BKN A8, BKN A9, BKN A16, BKN A20, BKN A21, BKN A30, EMKN A8, EMKN A9 | Tvisteloven (2005) §36-5, §36-10

Saka gjeld spørsmålet om ei mor skal fråtakast foreldreansvaret for sonen, og om det skal gjevast samtykke til adopsjon, jf. barnevernlova § 4-20.

B er fødd 0.0.2009, som son av A. Mor er fødd 0.0.1993, og var såleis så vidt fylt 16 år då ho fødde barnet. Barnefaren har ikkje vedkjent seg farskap, og har aldri hatt del i foreldreansvaret.

Då mor blei med barn utan å vere gift, kom ho i ein svært vanskeleg situasjon, som skal ha sett henne i livsfare. Ho rømde frå heimbyen X i [Land i Afrika] til ein onkel i [land i Afrika], der ho under traumatiske omstende fødde barnet. Mor tok seg vidare til Sverige, og deretter til Noreg, der ho søkte asyl 16. februar 2010. Den fyrste tida oppheldt mor og barn seg på asylmottaket på [sted 1] i Y, men blei alt i mars overflytte til asylmottak i Z, der dei oppheldt seg dei neste månadene.

Mor og barn flytte 8. september 2010 til Æ, og budde i eit husvære hos C, som var tilsett som miljøarbeidar i 30 prosent stilling for å hjelpe familien. Ei [Land i Afrika]sk kvinne blei tilsett som fast tolk og rettleiar for familien. C sende 14. september ei uromelding til barnevernet. Ho oppfatta mor som svært umogen og utan empati for barnet, og meinte at det trongst kontinuerleg oppfylging av dei.

Æ kommune vedtok så å plassere mor og barn på [familiesenter] i W, jf. barnevernlova § 4-4, og dei kom dit 21. september 2010. Alt 28. september 2010 sende [familiesenter] ei uromelding til barnevernet, som mellom anna gjekk ut på at barnet ville ha vore utsett for livsfare dersom personalet ikkje hadde sikra det under opphaldet. Barneverntenesta gjorde akuttvedtak same dagen om plassering av barnet utanfor heimen, jf. barnevernlova § 4-6 andre ledd. Guten blei plassert i beredskapsheim.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Agder gjorde 10. desember 2010 vedtak om omsorgsovertaking og om plassering i fosterheim, jf. barnevernlova § 4-12 og § 4-14. Nemnda bygde på at B var eit psykisk skeivutvikla barn, og leid av ei tilknytingsforstyrring som hadde samanheng med mors manglande evne til å dekkje behovet for fysisk og psykisk tryggleik. Med omsyn til val av fosterheim, hadde fylkesnemnda mellom anna desse merknadene:

«Selv om bvl. § 4-15 sier at det ved valg av plasseringssted skal tas hensyn til barnets etniske, religiøse, kulturelle og språklige bakgrunn, ser nemnda det som viktigere i vår sak å sørge for at hovedhensynet nevnt i samme paragraf blir ivaretatt. Loven har nemlig som utgangspunkt at det skal velges plasseringssted ut fra hensynet til barnets egenart og behov for omsorg og opplæring i et stabilt miljø. Som allerede nevnt, er B etter alt å dømme et emosjonelt skadet barn, og å komme i gang raskest mulig med det nødvendige reparasjonsarbeid i en ny omsorgsbase står som overordnet ut fra hensynet til guttens beste.

Hvis barneverntjenesten i samarbeid med Bufetat skulle klare å finne et fosterhjem som anses egnet til å klare denne oppgaven, samtidig som det kan ivareta de spesielle etniske, religiøse, kulturelle og språklige hensyn som foreligger, ville intet være bedre enn dét. Nemnda forutsetter derfor at en slik mulighet utredes så langt tiden tillater, men finner på vanlig måte å ville overlate det videre arbeid med valg av plasseringssted til barneverntjenesten.

Hvis et etnisk norsk fosterhjem velges, må Bs ønskelige kjennskap til mors språk, kultur og religion søkes ivaretatt så langt det lar seg gjøre uten å være til skade for en positiv utvikling i fosterhjemmet.»

B blei plassert i fosterheim hos D og E på [sted 2] i Æ kommune 13. desember 2010, og har budd der sidan. Fylkesnemnda gav i vedtaket sitt rett til samvær mellom mor og barn fire gonger i året, med to timar kvar gong, og med høve til tilsyn, jf. barnevernlova § 4-19.

Fylkesnemndvedtaket var oppe til rettsleg prøving i Aust-Agder tingrett, som i dom 6. september 2011 stadfeste omsorgsovertaking og plassering i fosterheim. Samværet blei fastsett til seks gonger i året, med éin time kvar gong. I samband med den rettslege prøvinga var psykolog Kenneth Tore Pettersen oppnemnd som sakkunnig av tingretten, og han hadde utarbeidt ein skriftleg rapport 14. mai 2011.

Æ kommune sette 11. september 2013 fram krav overfor fylkesnemnda om at mor blir fråteken foreldreansvaret, og at det blir samtykt i adopsjon.

I samband med førebuinga av denne saka for fylkesnemnda blei psykolog Kenneth Pettersen på nytt oppnemnd som sakkunnig, og han la fram ei skriftleg fråsegn 20. januar 2014. Den sakkunnige meinte at mor hadde ein funksjonssvikt som hovudsakleg var personlegdomsforankra, og måtte reknast å vere varig. Tilknytingsforholdet mellom guten og fosterforeldra blei sagt å utgjere «en restitusjonsprosess på det personlige plan av gjennomgripende betydning». Dersom guten blei fjerna frå denne omsorgssituasjonen, ville «ubotelig skade kunne oppstå». Den sakkunnige heldt fram at guten vil vere best tent med ein adopsjon, og at «[b]etydningen av det tverrkulturelle aspekt må sees på som sekundær til ivaretakelsen av guttens grunnleggende personlighetsutvikling».

Fylkesnemnda gjorde 21. mars 2014 slikt vedtak:

«1. A fratas foreldreansvaret for B, f. 0.0.2009, jf. barnevernloven § 4-20.
2. Fylkesnemnda gir samtykke til at D og E kan adoptere B, f. 0.0.2009, jf. barnevernloven § 4-20

Fylkesnemnda la til grunn – i tråd med tidlegare vurderingar – at B er eit psykisk sårbart barn med eit ekstraordinært omsorgsbehov. Dette måtte gjelde endå om han har hatt ei positiv utvikling etter at han blei plassert i fosterheimen. Nemnda viste til at vurderingane frå psykolog Pettersen fall saman med vurderingar og observasjonar som barneverntenesta, ABUP og fosterforeldra hadde gjort. Det blei vist til utsegner i den sakkunnige rapporten om at guten er avhengig av eit tilknytingsforhold til sine næraste omsorgspersonar som sikrar han størst mogeleg kjenslemessig tryggleik. Nemnda refererte også vurderinga til den sakkunnige om at samværa med mor reaktiverer dysfunksjonar hos barnet på det grunnleggjande, personlegdomsmessige planet. Det blei lagt til grunn at B har fått ei slik tilknyting til fosterforeldra og miljøet der at vilkåret i barnevernlova § 4-20 tredje ledd bokstav a) var oppfylt. Ei tilbakeføring til mor ville då vere uaktuelt, same korleis omsorgsevna hennar blir vurdert i dag og i framtida. Fylkesnemnda la likevel til at det også må reknast som sannsynleg at mor varig ikkje vil kunne gje guten forsvarleg omsorg, og viste igjen til vurderingane frå den sakkunnige.

Fylkesnemnda kom også til at ein adopsjon vil vere best for barnet, jf. bokstav b). Nemnda slutta seg til vurderinga frå den sakkunnige om at det viktigaste aspektet vil vere «å sikre barnet en best mulig tilheling i de kommende år hva betydelige dysfunksjoner på det personlighetsmessige plan angår». Slik nemnda såg det, vil ein adopsjon hjelpe B i å konsolidere si tilhøyrsle til fosterforeldra, noko som vil vere bra for den vidare utviklinga hans emosjonelt, sosialt og intellektuelt.

Med omsyn til mors samvær med guten, viste nemnda til at desse er ei stor påkjenning for han, og set han tilbake i utviklingsprosessen. Fylkesnemnda meinte at det låg føre slike spesielle og sterke grunnar som krevst for å nekte mor vidare samvær. Nemnda heldt fram at det då ikkje er adopsjonen i seg sjølv som fører til at det blir brot i kontakten med mor, ettersom det også ville bli brot om guten framleis var fosterbarn.

Fylkesnemndvedtaket om fråtaking av foreldreansvaret og samtykke til adopsjon blei av mor kravt rettsleg overprøvt, og Aust-Agder tingrett oppnemnde psykolog Stein Harald Gaarder som ny sakkunnig, med same mandatet som psykolog Pettersen hadde hatt for fylkesnemnda.

Den nye sakkunnige, som gav ein skriftleg rapport 13. oktober 2014, vurderte på fleire punkt saka annleis enn den fyrste sakkunnige. Gaarder heldt fram at mor sidan omsorgsovertakinga i ung alder hadde vore gjennom ei monaleg utvikling og mogning, og at det ikkje utan vidare ville vere tale om ei lengre fosterheimsplassering – dersom ein berre såg på mors kompetanse og personlegdom. Om guten uttala Gaarder mellom anna at han i hovudsak har hatt ei normal utvikling, men er noko utagerande ved grensesetjing og var overfor mykje stimulering eller endringar. Den sakkunnige rådde til at retten ikkje samtykte i adopsjon. Dette blei grunngjeve med at mor er i monaleg utvikling, og at barnet kan ha utbyte av samvær for å ta vare på biologisk og kulturell-religiøs tilhøyrsle, særleg på sikt. Gaarder rådde til at samværa mellom mor og guten er korte og regelmessige i starten, og at dei gradvis blir utvida.

Aust-Agder tingrett sa dom 21. november 2014 med slik domsslutning:

«Æ kommune frifinnes.»

Tingretten slutta seg fullt ut til konklusjonen og grunngjevinga frå fylkesnemnda, med somme presiseringar og tillegg. Det blei nemnt at EMK artikkel 9 og FN sin barnekonvensjon artikkel 9 nr. 3 var ein del av grunnlaget for den rettslege vurderinga av saka, men at desse føresegnene ikkje går lenger enn det som fylgjer av dei strenge vilkåra i barnevernlova.

Tingretten gjorde greie for at dei sakkunnige Pettersen og Gaarder har kome med ulike vurderingar og konklusjonar. Retten var ikkje samd i vurderinga til Gaarder, og la til grunn for si bevisvurdering at det heilt frå mor kom til Noreg, har vore knytt uro til fungeringa og omsorgsevna hennar. Tingretten viste til notat frå asylmottaket på [sted 1], der mor blei omtala som «lite samarbeidsvillig og virket irritabel» og at ho viste klare sviktar i omsorga, og vidare til uromeldinga frå C 14. september 2010. Det blei også vist til utskrivingsrapporten 12. oktober 2010 frå [familiesenter] , der det mellom anna heiter at mors omsorg overfor barnet er mangelfullt på alle område. Personalet har under opphaldet gripe inn fleire gonger for å hindre alvorleg skade. Tingretten la ikkje avgjerande vekt på at mottaket i Z har ei langt meir positiv skildring av mors omsorg. Det blei grunngjeve med at andre på mottaket stødde henne i det daglege stellet av B, og at ho der ikkje var under kontinuerleg registrering og vurdering.

Tingretten la vidare til grunn at B i det fyrste leveåret har vore utsett for grov omsorgssvikt, som har ført til at han også no er eit svært sårbart barn. Han har eit stor omsorgsbehov, og eit åtferdsmønster som peikar mot tilknytingsforstyrring. Tingretten la vesentleg vekt på rapporten og den rettslege forklaringa frå psykolog Pettersen, ettersom det blei stødd av bevisførsla elles. Bs åtferd i dag blei vurdert å gje stadfesting på den tidlege, alvorlege omsorgssvikten. Tingretten kom til at flytting tilbake til mor kan gje guten alvorlege problem. Retten gjorde greie for dei motstridande oppfatningane til Pettersen og Gaarder med omsyn til om omsorgsovertakinga vil vere varig, med særleg adresse til eit samvær 17. september 2014, der Gaarder var til stades. Retten la til grunn at dette samværet var positivt, men peika på at B fekk reaksjonar etterpå, og bygde på at samvær med mor reaktiverer relasjonstraume etter alvorleg omsorgssvikt.

Med omsyn til mors omsorgskompetanse og utvikling, slutta tingretten seg også til vurderingane frå psykolog Pettersen. Det blei likevel nemnt at mor har hatt ei god utvikling i eiga omsorg etter ein høyrselsoperasjon. Tingretten meinte at båe alternativa i barnevernelova § 4-20 tredje ledd bokstav a) er oppfylte.

Ved vurderinga av om adopsjon vil vere best for barnet, nemnde tingretten i sin gjennomgang av dei individuelle momenta at B har budd hos fosterforeldra sidan han var tolv månader gamal, og at han har si grunnleggjande tilknyting til fosterfamilien både sosialt og psykologisk. Endå om mor skulle oppnå ei betring i eige funksjonsnivå, er det ein prosess som vil gå over fleire år, og tilknytinga til fosterfamilien vil difor berre bli forsterka. Ein adopsjon vil knyte B ytterlegare til fosterfamilien, og dette såg tingretten viktig for å reparere skadane han blei påførte fyrste leveåret. Det blei vidare halde fram at guten ved ein adopsjon blir sikra ein ufråvikeleg, trygg base. Slik tingretten såg det, vil mor ved ei vidare fosterheimsplassering starte ein tilbakeføringsprosess eller opptrapping av samværet, og dermed skape uro både for B og fosterforeldra.

Tingretten var også samd med fylkesnemnda i at mor under alle omstende bør nektast samvær. Retten var samd med psykolog Gaarder i at det er viktig at born har kunnskap om biologisk identitet og etnisk opphav. Men jamvel om ein ikkje kan sjå bort frå at kontakt med mor ville ha medverka til å fremje identitetsskapande verdiar knytte til etnisitet, var det for tingretten klart viktigare å sikre guten utbetring av dei tidleg påførte skadane. Det blei også nemnt at dersom problem materialiserer seg i ungdom eller vaksen alder, er det overlag viktig at tilhøyrsla hans ikkje er emne for diskusjon.

A, med advokat Alexander Behrang Mardazad v/advokatfullmektig Anna Alexandrovna Lutina som prosessfullmektig, har anka domen frå tingretten til Agder lagmannsrett. Æ kommune, med advokat Leif Oscar Olsen som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle. I vedtak 4. februar 2015 gav lagmannsretten samtykke til at anken blei fremja, jf. tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav a) og c).

Det var ankeforhandling i Å 12. og 13. mai 2015. Ankeparten møtte saman ned prosessfullmektigen. Barnevernkonsulent F møtte for ankemotparten saman med prosessfullmektigen, og gav også forklaring. Vidare tok lagmannsretten imot forklaring frå åtte vitne. Av vitna gav fire forklaring som sakkunnige vitne, medrekna dei tidlegare nemnde sakkunnige psykologane Gaarder og Pettersen. Dei sistnemnde heldt i hovudsak fast på sine tidlegare vurderingar i saka. Prosessfullmektigane førte ei rekkje dokumentbevis.

Ankeparten sette under ankeforhandlinga fram slik påstand:

«1. Aust-Agder tingretts dom av 21.11.2014 oppheves.
2. Samvær mellom mor og barn fastsettes etter rettens skjønn.»

Påstandsgrunnlaga til ankeparten kan samanfattast slik:

Tingretten har ikkje lagt tilstrekkeleg vekt på den positive utviklinga som mor har hatt. Konklusjonane til den sakkunnige, psykolog Gaarder, har blitt sett til sides heilt ut. Gaarder forklara i rapporten sin at mors handlemåte på [familiesenter] delvis kan forklarast gjennom ulik kultur og barneoppseding. Delar av forklaringa hennar i tingretten blei også mistydd, ettersom ho prøvde å forklare seg utan tolk. Mor meinte ikkje å seie at fosterforeldra kunne adoptere B berre han fekk oppseding som muslim, fekk gå i moskéen og ikkje ete svinekjøt. Det mor meinte, var at ho ikkje ynskjer adopsjon, og ho ynskjer også at B skal oppsedast av fosterforeldra i tråd med hennar religion og tradisjon. Ho har heller ikkje planar om å reise tilbake til [Land i Afrika] no.

Mor har hatt ei positiv utvikling sidan ho kom til Noreg. Psykolog Sunil Loona blei i 2011 oppnemnd for å gjere ei sakkunnig utgreiing av mor, som då var 17 år gamal. I ei vurdering av mors kognitive fungering og behov nemnde Loona – med tanke på at mor hadde hatt ein svak prestasjon på ein evnetest – at menneske med lite skulegang som regel skårar dårleg på om lag alle vestlege intelligenstestar. Ein engelsklærar hadde opplyst at mor hadde gjort stor framgang på kort tid. Mor hadde høyrselsvanskar, men har blitt operert, og operasjonen har medverka til den positive utviklinga. Psykolog Gaarder opplyser i sin rapport at mors kontaktlærar i to år, fram til sommaren 2014, har fortalt om ei svært imponerande utvikling. Øyreoperasjonen utgjorde ein veldig skilnad.

Fram til nyleg har mor hatt hjelp av barneverntenesta med oppfylging 3,5 timar, seinare 1,5 timar i veka. Men no ynskjer ho å greie seg sjølv, og har i brev 10. mars 2015 sagt frå om at ho ikkje vil ha meir hjelp frå barneverntenesta. Mor er elev på Ø videregående skole i Å. Ho tek sikte på å ta fagbrev innan helse og sosial, og har planar om å utdanne seg vidare til sjukepleiar og jordmor.

Mor er samd i at vilkåra i barnevernlova § 4-20 tredje ledd bokstav c) og d) er oppfylte.

Til vilkåret i bokstav a) blir det halde fram at mor ikkje vil søkje om tilbakeføring av B. Han har no vore plassert i fosterfamilien i lengre tid, og har større tilknyting til fosterfamilien. Men mor har som nemnt hatt ei positiv utvikling, og er ikkje varig ute av stand til å gje guten forsvarleg omsorg, slik at dette alternativet i bokstav a) ligg ikkje føre. Det er tilknytingskriteriet som gjer at vilkåret i bokstav a) må reknast å vere oppfylt. Endå om det ikkje er klarlagt om det vil skape problem for B, har han fått ei slik tilknyting til menneske og miljø der han er, at det vil vere vanskeleg å søkje om tilbakeføring.

Det avgjerande spørsmålet no er om ein adopsjon vil vere best for B, jf. tredje ledd bokstav b). Førearbeida til barnevernlova viser at det biologiske prinsippet står sterkt, endå om det er fleire omsyn som kjem inn ved vurderinga av om det skal samtykkjast i adopsjon mot viljen til foreldra, jf. Ot.prp.nr.44 (1991-1992). Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 og dei nye føresegnene i Grunnlova § 102 og § 104 må takast med i vurderinga. Når omsynet til kva som er best for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn, krev det ei svært samansett vurdering. Omsynet til stabilitet, kontinuitet og føreseielege forhold i fosterfamilien må haldast opp mot kontakt med mor og kjennskap til kulturelt og religiøst opphav.

Bevisførsla har vist at mor har hatt ei svært god utvikling, både personleg og med omsyn til utdanning. Tingretten har ikkje lagt tilstrekkeleg vekt på den positive utviklinga hennar. Det er ikkje noko ved mors personlegdom som talar mot at det er ein føremon med samvær. På den andre sida har det vore reaksjonar hos guten etter samvær. Det bør kanskje ikkje vere samvær nær opp til tider når det elles skjer store omveltingar i livet hans, som når B skal starte på skulen til hausten. Det kan då vere føremålstenleg å utsetje samvær noko, og vende seg til ein instans som kan leggje til rettes og rettleie, til dømes ABUP. Målet må vere å få opparbeidd ei plattform for vidare samvær, noko som er best for B på lengre sikt.

Av rettspraksis blir det vist til LE-2014-148894, der fleirtalet kom til at det ikkje var grunnlag for å samtykkje i adopsjon. Det blei vist til at adopsjon er eit alvorleg inngrep, og at norma for å gje samtykke er streng. I den saka konkluderte fleirtalet med at det var for tidleg å konkludere med at føremonene ved ein adopsjon klart vog opp for ulempene ved å miste biologisk far.

I saka her kan det ikkje seiast visst i dag at samvær og kontakt med mor ikkje vil vere eit gode for B i framtida. Det har vore ei positiv utvikling i samvær, med det seinaste samværet i september 2014, som psykolog Gaarder observerte. Med rettleiing kan samværa bli endå betre, og ein veit ikkje kva kvalitet samværa hadde hatt om dei hadde halde fram til i dag.

Dei utfordringane som denne saka byd på med omsyn til kva vekt som skal leggjast på kultur og religion, gjer dette til ei eineståande sak. Det blir vist til FN sin barnekonvensjon artikkel 30 om retten for etniske, religiøse eller språklege minoritetar til å leve i pakt med kulturen sin og utøve religionen sin, og til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 27 med det same innhaldet. Høgsterett har vist til desse konvensjonsartiklane i Rt-2014-976, som direkte gjeld samvær med eit barn som barnevernet hadde overteke omsorga for.

Det er her tale om eit muslimsk barn som har blitt plassert i ein kristen fosterheim. Fosterforeldra vil etter ein adopsjon døype barnet og endre namnet. Dette vil kollidere klart med religionen til biologisk mor og barnet. Som det sakkunnige vitnet Nora Stene forklara, blir eit barn født av muslimske foreldre rekna som muslim. I NOU 2012:5 Bedre beskyttelse av barns utvikling (Raundalen-utvalet) er det i kapittel 10.3.8 gjeve vurderingar av adopsjon frå eit kulturelt og islamsk perspektiv. Religion kan vere eit hinder for adopsjon hos praktiserande muslimske familiar, ettersom islam har eit generelt forbod mot adopsjon i tydinga å gjere born av andre biologiske foreldre til sine eigne. Utvalet vurderte det slik at barnevernet står overfor ei særleg utfordring når adopsjon som barnevernstiltak blir vurdert for muslimske born.

Det er best for B å ha kontakt med mor, når ein tek omsyn til dei kulturelle og religiøse røtene hans. Mor er best skikka til å ta vare på identiteten hans i desse stykka. Fråtaking av foreldreansvaret med etterfylgjande adopsjon vil innebere eit endeleg brot med den etniske kulturen, tradisjonen og religionen til barnet. Det kan ha ein negativ påverknad på identitetsutviklinga hans seinare i livet, og skape vanskar i høve til det [Land i Afrika]ske miljøet i Noreg. B har blitt sosialisert inn i dei religiøse verdiane som rår grunnen i fosterheimen, i staden for den religionen han er fødd inn i. Samvær med mor og deltaking i koranskule vil kunne gje han kunnskap om opphavskulturen.

Ankemotparten sette fram slik påstand:

«Anken forkastes.»

Påstandsgrunnlaga til ankemotparten kan samanfattast slik:

Korkje i norsk eller internasjonal rett er det noko forbod mot adopsjon av born med ein muslimsk bakgrunn, heller ikkje når adopsjonen vil innebere konvertering. Dette må også gjelde tvangsadopsjon i barnevernsamanheng.

Omsynet til kva som er best for barnet, blir den overordna rettslege norma, jf. NOU 2014:9 Ny adopsjonslov pkt. 10.2.3, som viser tilGrunnlova § 104 andre ledd, FN sin barnekonvensjon og EMK. Adopsjonslova § 14 seier at det i adopsjonsløyvet kan takast særskild avgjerd om «adoptivbarnets religiøse oppdragelse», men dette er ei føresegn som ikkje har noko å seie i moderne adopsjonspraksis, jf. Hognestad/Steenberg, Adopsjonsloven Kommentarutgave side 249-250.

I NOU 2014:9 er det i kapittel 3.3 ein nærare gjennomgang av adopsjon sett opp mot FN sin barnekonvensjon og EMK artikkel 8. Praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) viser at adopsjon utan samtykke av foreldra berre er aktuelt i heilt ekstraordinære tilfelle («very exceptional circumstances»). Eit gjennomgangstema i fleire av sakene er statens skjønsmargin, som kviler på ei samansett vurdering. Spørsmålet om adopsjon av muslimske born lèt ikkje til å vere drøft i NOU 2014:9, heller ikkje er det sagt noko om problemstillingar i tilknyting til konvertering. Ein dom frå EMD i 2012 – sak nr. 43631/09 Harroudj mot Frankrike [EMD-2009-43631] – galdt eit barn som i Algerie blei teken hand om etter det islamske rettsinstituttet kafala, som er definert som «a voluntary undertaking to provide for a child and take care of his or her welfare, education and protection». Den som hadde overteke omsorga for barnet, søkte om samtykke til adopsjon i Frankrike, men fekk avslag. Utsegna frå EMD i domen avsnitt 48 viser at statane har ein vid skjønsmargin ved tolkinga av EMK artikkel 8, og domstolen kom til at det ikkje låg føre noko brot på konvensjonen, men uttala heller ikkje at det gjeld noko forbod mot adopsjon av muslimske born.

FN sin barnekonvensjon har i artiklane 3, 8, 16, 20 og 21 føresegner om borns rettar som er av særskilt interesse i saka her. I Generell kommentar nr. 14 (2013) om barnets rett til at hans eller hennes beste skal være et grunnleggende hensyn uttalar FN sin barnekomité i avsnitt 36 at «[b]arnets beste skal være et grunnleggende hensyn i vedtak av alle gjennomføringstiltak». I avsnitt 38 blir det sagt at «[i] forbindelse med adopsjon (art. 21) er retten til barnas beste styrket, det er ikke bare «et grunnleggende hensyn», men «det overordnede hensynet»». Også i Rt-2015-93, som gjeld utvising av ei Kenyansk kvinne som hadde ei mindreårig dotter med norsk statsborgarskap, blir barnekonvensjonen lyft fram.

Når det gjeld den konkrete saka, er kommunen samd i vurderingane i tingrettsdomen. Både bevisvurderinga, rettsbruken og skjønsutøvinga er korrekt.

Vilkåret i adopsjonslova [skal vel være barnevernlova, Lovdata red.anm] § 4-20 tredje ledd bokstav a er oppfylt med omsyn til båe alternativa. Det må reknast som sannsynleg at mor varig ikkje vil kunne gje barnet forsvarleg omsorg. Det må skiljast mellom mors omsorg for seg sjølv og evna til omsorg for eit barn. Under alle omstende har barnet fått slik tilknyting til menneske og miljø der det er, at det etter ei samla vurdering kan føre til alvorlege problem å bli flytt. Hovudvekta ligg på dette tilknytingskriteriet.

Når det gjeld vurderinga av kva som er best for barnet, jf. tredje ledd bokstav b, blir det vist til Rt-2015-110, særleg avsnitta 46, 49 og 61 ff. Ei sterk og rotfest tilknyting til fosterheimen bør ha stor vekt, og dette synspunktet blir underbygt av generell kunnskap, som skal vege tungt, jf. avsnitt 61. Kommunen deler dei synspunkta som tingretten har gjort greie for i sin gjennomgang av kva som er best for barnet. Dei religiøse og kulturelle sidene, også med tanke på konvertering, er viktige aspekt som må vurderast i lys av barnekonvensjonen og EMK. Men desse omsyna må også i ei samla vurdering avvegast mot det grunnleggjande omsynet til kva som er best for barnet. Jamvel om det blir lagt vekt på omsynet til den religiøse og kulturelle arven, kan ikkje dette ha slik tyngd at andre omsyn må vike.

B har i dag ei god, fast og sterk tilknyting til fosterforeldra. Han er ein sårbar gut, og ein adopsjon vil gje større tryggleik, stabilitet og tilhøyrsle. Han har budd hos dei sidan han var eitt år, og er godt integrert i fosterfamilien og miljøet. Ein adopsjon vil hindre mogelege, framtidige samarbeidskonfliktar om tema som omskjering og deltaking i koranskule, og krav om tilbakeføring. Det må leggjast til grunn at fosterforeldra også etter ein adopsjon vil prøve å halde kontakt med biologisk mor, og gje kunnskap om opphav og etnisitet, trass i at dei vil døype guten og endre namnet hans. Samvær med mor vil under alle omstende ikkje gje så mykje informasjon om kulturbakgrunnen hennar.

Kommunen meiner at mor heller ikkje bør få samvær dersom det blir ei vidare fosterheimsplassering i staden for adopsjon.

 

Vurderinga til lagmannsretten:

Saka gjeld overprøving av tvangsvedtak etter barnevernlova, og retten skal prøve alle sider av saka, jf. tvistelova § 36-5 tredje ledd. Prøvinga skal skje ut frå tilhøva på domstidspunktet. I all hovudsak står saka i same stilling som då ho var føre i tingretten. Lagmannsretten kjem tilbake til punkt der det har vore ei utvikling sidan.

Spørsmålet i saka er om biologisk mor skal fråtakast foreldreansvaret og barnet adopterast mot viljen hennar. Høvet til slik tvangsadopsjon går fram av barnevernlova § 4-20, som i tredje ledd regulerer vilkåra for å samtykkje i adopsjon:

«Samtykke kan gis dersom

a) det må regnes som sannsynlig at foreldrene varig ikke vil kunne gi barnet forsvarlig omsorg eller barnet har fått slik tilknytning til mennesker og miljø der det er, at det etter en samlet vurdering kan føre til alvorlige problemer for barnet om det blir flyttet og
b) adopsjon vil være til barnets beste og
c) adoptivsøkerne har vært fosterforeldre for barnet og har vist seg skikket til å oppdra det som sitt eget og
d) vilkårene for å innvilge adopsjon etter adopsjonsloven er til stede.»

Partane er som tidlegare samde om at vilkåra i bokstav c) og d) er oppfylte, og det sluttar lagmannsretten seg til. Det er vurderinga av vilkåra i bokstav a) og særleg bokstav b) som vil vere avgjerande for utfallet av saka. Ved avgjerda av kva som er best for barnet, vil ein også måtte trekkje inn kriteria i bokstav a, særleg tilknytingskriteriet.

Det er tilknytingskriteriet som er det heilt sentrale i høve til bokstav a). Vurderingstemaet er om B har fått slik tilknyting til menneske og miljø i fosterfamilien at det kan føre til alvorlege problem for han å bli flytt. Det skal takast utgangspunkt i kva faktum som er mest sannsynleg, jf. Rt-2015-110 avsnitt 40. Som det går fram av påstandsgrunnlaga, er det no også semje mellom partane om at tilknytingskriteriet må reknast å vere oppfylt, og ein samla lagmannsrett er samd i det. Både fylkesnemnda og tingretten vurderte tilknytingskriteriet på same måten, og bevisførsla for lagmannsretten gjev ikkje grunnlag for å sjå annleis på det enn dei føregåande instansane.

Ein nemner også at psykolog Gaarder, som har eit langt meir positivt syn på mors omsorgskompetanse og på verdien av samvær, i sin skriftlege rapport til tingretten uttala på side 21 at «[p]lasseringen i fosterhjemmet bør sannsynligvis fortsette over lengre tid fremover, kanskje over år, kanskje til myndighetsalder».

B kom som før nemnt til fosterforeldra då han var eitt år gamal, og har no vore der i 4 ½ år. Før det hadde han i 2 ½ månad vore plassert i ein beredskapsheim. Barnet budde saman med biologisk mor berre dei ti fyrste levemånadene. Det er fosterforeldra han kjenner som sine foreldre, og all tilgjengeleg informasjon talar for at han er sterkt knytt til dei.

Til dette kjem at B er eit sårbart barn med særskilde omsorgsbehov. Det må reknast med at han i særleg grad vil vere utsett for risiko for alvorleg skade dersom han blir rykt ut av det vante oppvekstmiljøet, og plassert hos biologisk mor, som han berre sporadisk har hatt kontakt med. Når det elles gjeld mors omsorgskompetanse og verdien av samvær, kjem lagmannsretten tilbake til det i den vidare drøftinga. Ettersom ei tilbakeføring under alle omstende er uaktuell, er det ikkje naudsynt å ta stilling til om mor varig ikkje vil kunne gje barnet forsvarleg omsorg.

Avgjerda av denne saka vil kvile på ei vurdering av om adopsjon vil vere best for barnet, jf. § 4-20 tredje ledd bokstav b). I Rt-2015-110 avsnitt 46 er det uttala:

«En tvangsadopsjon berører de biologiske foreldrene sterkt. Den følelsesmessige smerten ved å få sitt barn bortadoptert er vanligvis dyptgripende. De familiemessige båndene som brytes ved tvangsadopsjon, er beskyttet av EMK artikkel 8 ogGrunnloven § 102. Også for barn representerer adopsjonen et inngripende tiltak, som etter FNs barnekonvensjon artikkel 21derfor bare kan besluttes dersom det er til barnets beste. Foreldrenes interesser må, på den annen side, vike der avgjørende forhold på barnets hånd tilsier adopsjon, jf. Grunnloven § 104 annet ledd og barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1. Jeg viser her til EMDs dom i Aune mot Norge 28. oktober 2010 avsnitt 66 [EMD-2007-52502], hvor det i tilknytning til forholdsmessighetsvurderingen under EMK artikkel 8 nr. 2 angis som avgjørende at adopsjonen er begrunnet i «an overriding requirement pertaining to the child’s best interests». Denne saken er samme sak som ble avgjort av Høyesterett iRt-2007-561. Jeg legger da til grunn at uttrykksmåten i avsnitt 51 i denne høyesterettsdommen – at det kreves «særlig tungtveiende grunner for adopsjon» – gir uttrykk for den samme normen.»

Lagmannsretten tek utgangspunkt i dette ved vurderinga av adopsjonsspørsmålet. Ved den vidare drøftinga av kva som er best for barnet, har lagmannsretten delt seg i eit fleirtal og eit mindretal.

Fleirtalet, Nes Hansen, Hagli, Andreassen og Salthaug, skal nemne:

Fleirtalet har som fylkesnemnda og tingretten kome til at mor bør fråtakast foreldreansvaret og at det bør samtykkjast i adopsjon. Fleirtalet er også i hovudsak samd i dei grunnar som er gjevne for det i fylkesnemndvedtaket og tingrettsdomen i saka.

Mor har fleire faktorar knytte til seg som utgjer ein risiko med tanke på god omsorgsutøving. Ho var svært ung då ho fødde, far var ikkje involvert og ho skal ha vore utsett for trugsmål i heimlandet. Det var mangelfull svangerskapsoppfylging, ein stressande situasjon og ein traumatisk fødsel aleine. Like etter fødselen flytte ho fleire gonger, og møtte ein ny kultur, eit nytt språk og eit nytt land, ved sidan av at ho høyrde dårleg.

Som nemnt tidlegare var det fleire som under det fyrste opphaldsåret i Noreg observerte at mor hadde alvorlege vanskar med å ta seg av barnet. Både frå asylmottaket på [sted 1], utleigaren i Æ og frå [familiesenter] kom det negative tilbakemeldingar.

Tingretten har i sin dom referert noko frå den alarmerande sluttrapporten frå [familiesenter]. Psykolog Gaarder har meint at nokon av episodane på [familiesenter] kan kome av kulturelle skilnader i barneoppseding, og har også reist spørsmål om mor kan ha vore i ein forbigåande psykotisk tilstand. Mor sjølv har i lagmannsretten gjeve ein annan versjon av ein episode då B heldt på å få fingrane klemte i dørsprekken. Psykolog Katrin Hovden Lemjan frå [familiesenter] har som vitne forklara at institusjonen var svært uroleg for mors psykiske helse og fungering, men avviste at ho hadde ein gjennomgåande psykotisk tilstand.

Fleirtalet ser det ikkje som naudsynt å gå inn på dei nærare detaljane ved opphaldet på [familiesenter]. I ei samla vurdering kan ein ikkje sjå bort frå at det i det aktuelle tidsromet har heft vesentlege manglar ved mors omsorgsevne. Ho er i dag eldre og verkar meir mogen. Ho har betre omsorg for seg sjølv og større evne til å leve eit liv aleine med skulegang, eigen bustad og eit sosialt liv. Det er forståeleg ut frå hennar unge alder og livshistorie at ho hadde store utfordringar i tilknyting til omsorgsevna for sonen.

B må reknast å vere eit barn med særskilde omsorgsbehov. Han verkar å ha ein sannsynleg tidleg kontaktskade. På [familiesenter] heldt dei det for sannsynleg at han viste teikn på ei desorganisert tilknyting til mor. Fleirtalet må leggje til grunn at han har vore utsett for ein alvorleg omsorgssvikt, både praktisk og emosjonelt. [Familiesenter] viser til at guten var i fysisk fare fleire gonger under opphaldet der. Utleigaren i Æ var også uroleg for mors evne til å ta seg av han praktisk. Det mest sentrale ved omsorgssvikten synest likevel å vere mangelen på emosjonell kontakt og tryggleik.

Det som her er nemnt, kan mogeleg vere ein refleksjon av mors fungering og livssituasjon under graviditet, fødsel og barsel, men har likevel utgjort ein alvorleg situasjon for guten og utviklinga hans. Han har vist traumereaksjonar når han har sett mor igjen. Desse reaksjonane etter samvær kan til dømes gå ut på at han kan hyle fleire timar i strekk, og vere uroleg og engsteleg i fleire dagar. Ikkje berre i heimen, men også i barnehagen har dei merka reaksjonar. Det er observert reaksjonar hos guten både under og i etterkant av samvær. Også ABUP (Familieklinikken i Å) har uttala seg om desse reaksjonane. Fleirtalet er ikkje samd med psykolog Gaarder, som meinte at trauma kunne vere ein reaksjon på brotet med mor ved akuttplasseringa hausten 2010. Ein held det for lite sannsynleg at ein separasjon då barnet var ti månader gamalt, skulle kunne gje seg slike utslag seinare i oppveksten. I si forklaring i lagmannsretten presiserte elles Gaarder at han no ikkje ville forklare reaksjonane med relasjonar i fosterheimen, slik han var inne på i den skriftlege rapporten.

B fall meir til ro etter at samværa blei stansa i 2013. Sidan har han visstnok berre møtt mor to gonger, eit tilfeldig møte 17. mai 2014 og eit planlagt samvær 17. september 2014. Det er ei stor påkjenning for han å oppleve desse kjensleutbrota, etter samvær med mor. B er framleis sårbar for lydar, mange menneske og mykje stimuli. Dette indikerer at han er høgsensitiv, som kan sameinast med forståinga av at han viser traumereaksjonar.

Slik fleirtalet ser det, treng guten mest mogeleg relasjonstryggleik. Han treng stabilitet, ro, og kontinuitet der han er no – i fosterheimen. Di betre psykisk utvikling som han kan sikrast, di betre føresetnader vil han ha for å handtere eventuelle identitetsspørsmål i ungdomstida. Alle opplysningar tyder på at B har ei sterk og grunnfest tilknyting til fosterforeldra og fosterfamilien. Dette forholdet må det leggjast stor vekt på, jf. Rt-2015-110 avsnitt 61:

«Denne åpenbart sterke og rotfestede tilknytningen til fosterhjemmet bør tillegges stor vekt, og den underbygges av generell kunnskap, som Høyesterett har uttalt skal veie tungt, jf. Rt-2007-561 avsnitt 50:

«Den sakkyndige i vår sak har uttrykt som en generell erfaring at fosterhjemsforhold ikke er å foretrekke når det gjelder langvarig plassering av barn som er kommet til fosterhjemmet før de har etablert tilknytning til noen biologisk forelder; her er adopsjon det beste for barnets utvikling. Etter min mening må en slik generell, men nyansert, erfaring veie tungt. Men uansett må også individuelle momenter – som kan tale mot eller for adopsjon – vurderes opp mot de generelle erfaringene.»»

I saka i Rt-2015-110 la Høgsterett også stor vekt på at det aktuelle barnet var sårbart, med eit særleg behov for tryggleik, stabilitet og ein føreseieleg livssituasjon, jf. avsnitt 63. Som det går fram, gjer den same situasjonen seg gjeldande i saka her.

Omsynet til å sikre eit særleg sårbart barn ei vidare tilknyting i det miljøet han er rotfest i, må avvegast mot andre tungtvegande omsyn som gjer seg gjeldande. Som i alle saker inneber adopsjon eit brot på det biologiske prinsippet, som står sterkt. I saka her kjem i tillegg dei aspekta som knyter seg til etnisitet, kultur og religion, og også konvertering.

I Rt-2015-110 blei det lagt vekt på at omsyna til å halde oppe dei biologiske banda, og særleg den etniske tilknytinga gjennom mora til Filippinane, blei ivaretekne ved ein besøkskontakt to gonger i året, med to timar kvar gong. Fosterforeldra i vår sak har ikkje vore viljuge til å adoptere etter reglane om såkalla open adopsjon, jf. barnevernlova § 4-20a, og har stadfest det under ankeforhandlinga. Det vil såleis etter ein adopsjon vere opp til dei om og i tilfelle på kva måte B skal ha kontakt med biologisk mor. Fleirtalet legg til grunn at fosterforeldra også som adoptivforeldre vil vurdere kva som til kvar tid er best for B, etter alder og utvikling. Ettersom alle bur i same kommunen, vil også tilfeldige møte med mor lett oppstå. Ein har også den tiltru til fosterforeldra at dei på same måten vil medverke til å gje guten kunnskap om dei etniske og kulturelle røtene hans, etter kvart som han blir eldre.

Det omstendet at mor er muslim og dei påtenkte adoptivforeldra kristne, reiser særlege problemstillingar, som blir ytterlegare aktualiserte av at dei sistnemnde er aktive kristne og vil døype adoptivbarnet. Det sakkunnige vitnet Nora Stene, som er religionshistorikar, opplyste at i islam blir born av muslimar rekna som muslimar så lenge dei ikkje til dømes har fått ein kristen dåp.

Partane har vist til utsegnene frå Raundalen-utvalet, NOU 2012:5 Betre beskyttelse av barns utvikling, der det i kap. 10.3.8 er gjeve vurderingar av adopsjon frå eit kulturelt og islamsk perspektiv. Utvalet seier at religion kan vere eit hinder for adopsjon hos praktiserande muslimske familiar, ettersom det i islam rår eit generelt forbod mot adopsjon i meininga å gjere born av andre biologiske foreldre til sine eigne. Det blir elles peika på at ulike muslimske land og ulike muslimske skular har ulikt syn på adopsjon, likevel slik at alle har eit forbod mot å bryte det biologiske sambandet til adoptivbarnet. Det blir konkludert med at barnevernet står overfor ei særleg utfordring når adopsjon som barnevernstiltak blir vurdert for muslimske born.

Stipendiat Sabreen Selvik, som var medlem av Raundalen-utvalet, forklara som sakkunnig vitne at utvalet med desse merknadene ikkje ynskte å gje ei tilråding i éi retning, og understreka at kvar sak må vurderast ut frå behovet til barnet.

Ein kan ikkje sjå at det ut frå det internasjonale rettskjeldebiletet kan utleiast noko forbod i Noreg mot adopsjon av born med ein muslimsk familiebakgrunn, og viser til gjennomgangen under påstandsgrunnlaga til ankemotparten.

Barnekonvensjonen artikkel 20 nr. 3 gjev uttrykk for at når mogelege løysingar – medrekna adopsjon – blir vurderte, «skal det tas tilbørlig hensyn til ønskeligheten av kontinuitet i barnets oppdragelse og til barnets religiøse, kulturelle og språklige bakgrunn». Som eit grunnleggjande omsyn for alle handlingar og avgjerder som vedkjem born, gjeld kva som er best for barnet, jf. barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 og Grunnlova § 104 andre ledd. I adopsjonssaker skal kva som er best for barnet, vere det overordna omsynet, jf.barnekonvensjonen artikkel 21.

Som framstillinga av saksgangen viser, hadde fylkesnemnda i samband med omsorgsovertakinga merknader om val av fosterheim ut frå omsynet til etnisitet, kultur og religion. Det har ikkje under bevisførsla kome fram nærare opplysningar om kva vurderingar som blei gjorde av barneverntenesta då barnet blei plassert i fosterheim med etnisk norske foreldre, men ein går ut frå at det ikkje var tilgjengeleg nokon fosterforeldre med ein kulturbakgrunn nærare det etniske opphavet. Det er kjent at mangelen på fosterforeldre med minoritetsbakgrunn gjer seg gjeldande i stor utstrekning. Same korleis ein elles ser på valet av fosterheim, blei det med dette lagt føringar for vurderinga av kva som i dag vil vere best for barnet.

Då fylkesnemnda hadde føre adopsjonsspørsmålet, uttala nemnda mellom anna:

«B er allerede plassert i et etnisk norsk fosterhjem. Fosterforeldrene er aktive kristne. Gutten har bodd i dette miljøet i over tre år, og det er der han skal vokse opp. Bruddet med mor skjedde så tidlig at man ikke kan si at plasseringen medførte et brudd med guttens kultur og religion. Plasseringen medførte et brudd med guttens kulturelle – og religiøse arv. Kontakt med mor fremover ville kanskje bidratt til å fremme identitetsskapende verdier knyttet til etnisitet hos B. Dette kan likevel ikke tillegges avgjørende vekt mot en adopsjon. Da kontakten med mor reaktiverer dysfunksjoner hos B, må betydningen av det kulturelle aspekt sees på som sekundært i forhold til guttens grunnleggende personlighetsutvikling.»

Fleirtalet er samd i desse synsmåtane. B har i fosterheimen fått ei oppseding i samsvar med dei verdiane som fosterforeldra står for. Det må reknast med at det er desse verdiane han i dag kjenner som sine og identifiserer seg med. I denne situasjonen vil omsyna til etnisitet, kultur og religion i biologisk familie måtte ha ein klart mindre framskoten plass enn dei elles ville ha hatt.

Også ved ei vidare fosterheimsplassering vil B bli eksponert for dei verdiane som fosterforeldra byggjer på. Det er likevel ein viktig skilnad mellom å vere fosterbarn og adoptivbarn, ettersom fosterforeldra ved adopsjon tek sikte på at guten skal få ein kristen dåp og også skifte namn. Det vil for mor bli opplevt som eit endeleg brot med dei religiøse verdiane som ho står for, og vanskelegare å forsone seg med. Ein kan meine at det ville vere ei smidigare løysing å utsetje dåpen til dess guten sjølv avgjer det spørsmålet når han har fylt 15 år, men fleirtalet kan likevel ikkje sjå at dette forholdet kan leggjast avgjerande vekt på i disfavør av adopsjon.

Fleirtalet ser at det ved ei vidare fosterheimsplassering lett kan oppstå uro kring plasseringa, knytt til mors ynske om slikt som at guten skal omskjerast, gå på koranskule og overhalde muslimske kostvanar. Ein dreg ikkje i tvil mors forklaring i lagmannsretten om at ho no ser det som best for sonen å bli buande hos fosterforeldra, men er noko usikker på kor fast dette standpunktet er, og på at det i framtida ikkje vil kome krav om tilbakeføring. Ein sårbar gut som B vil trenge ro og stabilitet kring omsorgssituasjonen. Ein adopsjon vil skape avklaring, styrkje guten i identitetsutviklinga hans og gjere han til ein fullverdig medlem i familien.

Fleirtalet har kome til at det ligg føre særleg tungtvegande grunnar som talar for å gje samtykke til adopsjon, og røystar såleis for å forkaste anken.

Mindretalet, Skåli, ser slik på saka:

Mindretalet har kome til at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tungtvegande grunnar for å samtykkje i adopsjon. Det biologiske prinsippet står sterkt både etter norsk og internasjonal rett. Adopsjon er eit alvorleg inngrep, som det bør visast stor varsemd med å nytte. Det er ikkje tale om ein open adopsjon, slik at det etter adopsjonen er heilt opp til adoptivforeldra å avgjere om det skal vere kontakt mellom guten og biologisk mor.

Mindretalet ser noko meir positivt på mors omsorgsevne enn fleirtalet gjev uttrykk for, og viser mellom anna til at dei aktuelle hendingane ligg langt tilbake i tid, då mor berre var 16-17 år. Ho gav ei reflektert forklaring i lagmannsretten og har mogna mykje. Dei omtala traumereaksjonane synest å ha ei litt usikker forklaring, og det er difor vanskeleg å vite korleis dei skal behandlast. I denne situasjonen kan det spørjast om det er rett å overlate heile ansvaret til fosterforeldra. Ved ei vidareføring av fosterheimsforholdet vil barneverntenesta framleis vere til stades med hjelp og rettleiing, og vil også kunne trekkje inn biologisk mor.

Ein legg vekt på at ei vidare fosterheimsløysing vil vere meir fleksibel enn ein adopsjon no. Fosterforeldra er viljuge til å halde fram som fosterforeldre, slik at B er sikra same omsorgsbasen i framtida. Det kan vere uheldig å låse situasjonen ut frå forholda i dag. Mindretalet viser også til at det er usemje mellom dei sakkunnige.

Slik mindretalet ser det, bør forhold som knyter seg til etnisitet, kultur og religion ha ei større tyngd i den samla vurderinga av kva som er best for barnet, og tale mot adopsjon iallfall på noverande tidspunkt. Dette blir særleg understreka av at ein adopsjon vil føre med seg konvertering.

Mindretalet legg til grunn mors forklaring i lagmannsretten om at ho no ikkje vil søkje guten tilbakeført. Ein ser at det ved ei vidare fosterheimsplassering kan oppstå usemje om somme spørsmål som nemnt av fleirtalet, men dette er problemstillingar som må finne si løysing etter kvart.

Slik som situasjonen er i dag, meiner mindretalet at det ikkje no er tilrådeleg med samvær mellom guten og mor. B skal ta til i skulen til hausten, og han treng då mest mogeleg ro kring omsorgssituasjonen sin. Det er lagt fram ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta om behovet for spesialundervisning. Det er lagt til grunn at han sannsynlegvis vil trenge like tett oppfylging i oppstart på skulen som ved oppstart i barnehagen. PPT vurderer at B på det noverande tidspunktet har rett til spesialundervisning med 665 årstimar miljøarbeidar. Det er opplyst at kommunen har gjort vedtak i samsvar med tilrådinga. På sikt må B reknast å ha utbytte av samvær med mor, og i samarbeid med til dømes ABUP bør det leggjast opp til at samværa kan takast opp igjen.

Etter røystinga blir det gjeve dom i samsvar med synet til fleirtalet, slik at anken blir forkasta.

Domen er gjeven med slik dissens som går fram ovanfor. 

 

Domsslutning 

Anken blir forkasta.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*