Familie saksøker kommune etter omstridd barnevernssak

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

I fjor varsla familien søksmål etter barnevernssakene i Samnanger. Kommunen brukte 765.000 kroner på advokatar som motsvar. No kjem likevel søksmålet.

SAKSØKER KOMMUNEN: Far Edvin Bolstad (i midten), sønene Stian (t.v.) og Aleksander og to søstrer går no til søksmål mot Samnanger kommune.
FOTO: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Faren mista omsorgsretten for tre barn. Søskena blei splitta og mista kontakten. Den yngste jenta hamna på institusjon og «fekk barndomen øydelagd», konkluderte ein nedslåande granskingsrapport.

Familien Bolstad fekk utbetalt til saman 700.000 kroner i oppreising for ei sak kommunestyret i den vesle kommunen valde å beklaga.

Det er den korte oppsummeringa av den mykje omtalte barnevernssaka i Samnanger.

Men saka stoppa ikkje der. I fjor haust varsla familien søksmål mot kommunen.

Etter at samtalar om inngåing av ein avtale ikkje førte fram, sende advokaten denne veka stemninga til Hordaland tingrett.

– Det blir no opp til retten å avgjera om 700.000 kroner er ein passande pris å betala for å ha øydelagt ein heil familie, seier advokat Endre Rutledal i advokatfirmaet Angelshaug & Co.

– Grufullt å sjå dei reisa

Far Edvin, sønene Stian og Aleksander og to søstrer utgjer den eine av dei tre familiane som i fjor fekk oppreising frå Samnanger kommune. Etter at kommunestyret kravde gransking av tre omstridde saker om omsorgsovertaking på 2000-talet, byrja snøballen å rulla.

Barnevernsskandalen i Samnanger fekk nasjonal omtale. Det som starta med ein knusande granskingsrapport mot tre omstridde barnevernsvedtak, enda med millionoppreising.

FAR OG DOTTER: Kristine Kviteberg Bolstad og faren Edvin Bolstad.
FOTO: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

– Det var grufullt å sjå dei reisa. Eg var makteslaus.

Den eldste søstera i Bolstad-familien var den einaste som ikkje blei henta av barnevernet. For første gong ønskjer ho å fortelja korleis møtet med barnevernet har påverka livet hennar.

– Eg slit med angst og depresjon, eg kjem meg ikkje ut i jobb, og det har øydelagt moglegheita mi for å gå på skule, seier Kristine Kviteberg Bolstad.

Ho kallar minna frå då søskena blei henta for «trauma». Spesielt vanskeleg var det då den då sju år gamle søstera blei henta. Kristine fortel at ho var som ei reservemamma for henne.

I rapporten heiter det at jenta blei «fullstendig fråteke sin barndom» under det offentlege.

Kristine, som i dag er 33 år, trur ei rettssak vil verta vanskeleg, men meiner det er viktig å plassera ansvar.

– Ingenting av det kommunen har gjort kan få liva våre, spesielt for mine søsken, tilbake. Men eit søksmål vil verta ei oppreising, for alle oss.

SAMNANGER: Familien fekk bygd seg hus i Samnanger med støtte frå kommunen. Etter å ha fått økonomisk hjelp og støtte frå barnevernet i fleire år, blei det i 2005 gjennomført tre akuttvedtak om omsorgsovertaking. Far Edvin og storesøster Kristine blei buande att.
FOTO: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Brukte 765.000 kroner på advokatar

I fjor haust varsla familien søksmål på bakgrunn av den knusande granskingsrapporten.

At det no er tatt ut søksmål skuldast at partane ikkje har klart å bli samde om omfanget av kommunen sitt ansvar, opplyser Rutledal. Det er i stor grad rapporten stemninga kjem til å basera seg på.

– Alle familiemedlemane er prega av det dei har vore gjennom. To av dei er no blitt uføretrygda, medan ein er på veg til å bli det, fortel advokaten.

Dokument NRK har fått innsyn i viser at kommunen sidan i fjor haust har brukt 765.000 kroner på advokatutgifter til firmaet Simonsen & Vogt.

Formålet med advokatbruken var mellom anna å finna ut om kommunen kunne retta kostnadene ved eit eventuelt søksmål mot forsikringsselskapet – eller staten.

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland blei landskjent etter sine forsøk på å stilla den tidlegare barnevernssjefen ansvarleg for dei omstridde barnevernsvedtaka.
FOTO: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Meiner kommunen har stått opp for familien

Ordførar Knut Harald Frøland vil på noverande tidspunkt ikkje kommentera advokatbruken.

Han seier på generelt grunnlag at søksmålet kjem til å bli behandla i kommunestyret.

Ordføraren tar til etterretning at familien går til søksmål trass i oppreisinga dei har fått, og kommunen sine forsøk på å stilla barnevernssjefen til ansvar.

– Så ønskjer eg også å seia at eg meiner at Samnanger kommune har stått opp på vegner av offera, og behandla dei på ein god måte så langt.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*