Sjokkert over at ordføraren nektar politikarane innsyn i kritisk barneverns-rapport

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Politikarane i Sogndal kommunestyre er rasande, etter at kommunen har bestemt seg for å ikkje gje dei innsyn i den knusande rapporten om Sogn barnevern.

Sjokkert over at ordføraren nektar politikarane innsyn i kritisk barneverns-rapport
KRITISK: Rita Navarsete, gruppeleiar for Framstegspartiet i Sogndal kommunestyre, lurer på korleis dei skal få behandla det som står i rapporten, når kommunestyret ikkje får innsyn i kva som står der.
FOTO: ERLEND BLAALID OLDEIDA / NRK

– Eg er sjokkert. Eg hadde ikkje sett det kome. Eg trudde faktisk at det var kommunestyret som hadde bestilt denne rapporten og eg forventa at den skulle kome tilbake til oss, seier Rita Navarsete, gruppeleiar for Framstegspartiet i Sogndal kommunestyre.

Etter ei årrekkje med turbulens knytt til blant anna arbeidsmiljøet i barnevernet i Sogn, kom ein knusande rapport i midten av oktober. Arbeidsmiljøspesialistane AS gjorde granskinga av barnevernet og verken leiarar, tilsette, tredjepartar eller arbeidsgjevar gjekk klar av kritikken i rapporten.

Både politikarane i kommunen og media har søkt om innsyn i rapporten, men i dag kom avslaget.

Ikkje gjort jobben sin

Politikarar i kommunestyret som NRK har snakka med er skaka over at innsynskravet vart avslått. Brevet med avslaget, som er signert ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll, legg teieplikta og personvernet til dei involverte til grunn for avslaget.

– Eg forventa at vi skulle fått lest den med namna på dei involverte sladda, men at den vert heldt hemmeleg for oss, det såg eg ikkje kome. Eg trudde openheit var viktig her, seier Navarsete.

– Korleis skal vi få behandla det som står i rapporten, når vi ikkje veit kva som står der?, spør ho.

Saka har vore ein verkebyll for Sogndal kommune i mange år og no vil fleire politikarar ta saka vidare for å krevja innsyn.

Arne Glenn Flåten
Arne Glenn Flåten, Sogndal Høgre.FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK

– Det er eit heilt tydeleg signal på at innhaldet i denne rapporten er mykje verre enn det vi kunne tenke oss, seier Arne Glenn Flåten, som er kommunestyrerepresentant for Høgre i Sogndal, som krev eit ekstraordinært kommunestyremøte.

– Eg har bedt om juridiske råd på korleis rapporten korrekt skal handsamat vidare og dei er tydelege på at rapporten må unnatakast offentleg innsyn. No er det kontrollutvalet som handterer dei ulike spørsmåla vidare før den går vidare til kommunestyret. Når saka vert sendt over frå kontrollutvalet må eg og kommunestyret ta stilling til korleis kommunestyret skal opplysast i saka på ein god og tilstrekkeleg måte, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i ein e-post.

No er det kontrollutvalet som skal handsame rapporten.

Då Ståle Einarsen og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene AS forma ut rapporten gjorde dei 54 intervju og gjekk gjennom fleire tusen dokument. Dei konkluderte med at kommunen ikkje hadde gjort jobben sin.

– Sogndal kommune har dytta og flytta på problema, i staden for å gå inn i problemet og analysera det, og så bestemma kva som bør vera løysinga, sa Pedersen og Einarsen, då dei presenterte rapporten.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad
PERSONVERN: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (t.v.), har signert brevet som nektar kommunestyret i Sogndal innsyn i den knusande rapporten om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern.FOTO: SONDRE DALAKER / NRK

– Eg meiner at grunngjevinga om å ikkje gje innsyn er heilt naturleg sidan rapporten inneheld alt for mykje sensitive opplysningar. Eg ser fram til å få ei tilråding og konklusjon frå kontrollutvalet, seier varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme (Sp).

Ståle Einarsen (t.v.) og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene
GRANSKARANE: Ståle Einarsen (t.v.) og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene AS la fram sin rapport i Sogndal kommunestyre.FOTO: SONDRE DALAKER / NRK
 

Kilde: NRK

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*