Gransking av barnevernet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Lederartikkel i Fjordingen.no

I eit lesarbrev i Fjordingen førre veke oppmodar Tor Åge Berglid i «Foreninga Barnets beste» Stryn kommune om å få gjennomført gransking av barnevernet i kommunen, tilsvarande den Samnanger kommune har gjennomført.

Gjennom mediaoppslag siste tida er det kome fram fleire tilfelle av svikt og feil i barnevernet i Samnanger. I denne kommunen var det lenge motstand mot å gjennomføre nokon gransking av eige barnevern, heilt til ordføraren sikra gransking ved si dobbeltstemme. Saka vart presenteret på NRK Vestland 24. april i år. Alle som såg innslaget, fekk høyre ein far som kunne fortelje at barnevernet tok barna utan grunn. Då saka vart presentert, kunne vi og sjå og høyre ein ordførar som sa han er rysta over eige barnevern.

I eit lesarbrev i Fjordingen tysdag gir Jan Gudmund Skrivervik full støtte til oppmodinga om å granske barnevernet i Stryn. I dagens avis fortel Gunnvor Sunde på lesarbrevplass at Norges kvinne- og familieforbund Sogn og Fjordane har oppmoda kommunane og forbundsleiinga om å opprette ei uhilda høyring av barnevernstenesta, med bakgrunn i Samnangerrapporten. Forbundet er svært uoa over utviklinga i barnevernet, og akuttvedtak spesielt.

Berglid og andre gjorde fleire forsøk på å få det førre kommunestyret i tale om barnevernet, utan å kome særleg langt. I ettertid har Den europeiske menneskerettsdomstol dømt Norge for brot på menneskerettane i fleire barnevernssaker. Samtidig har stadig fleire ulukkelege saker som omhandlar feilgrep kome fram i lyset i Norge.Stryn som andre kommunar bør helse kravet om gransking av barnevernet velkome. Det same bør barnevernet sjølv gjere. Å be om gransking betyr ikkje at ein har i mot barnevernet. Tvert om betyr det at ein ønskjer å sikre gode nok system og tilbod som hindrar at feil skjer. Barnevernet er til for barna sitt beste. Då toler vi ikkje ei einaste sak der det er barnevernet som gjer feilgrep. Sakene frå Strasbourg og i norske media fortel at barnevernet har øydelagt mange familiar. Ingen familie fortener det, verken borna eller foreldra. Difor bør politikarane applaudere kravet om uhilda gransking. Også i Stryn.

Barnevernet er til for barna sitt beste. Då toler vi ikkje ei einaste sak der det er barnevernet som gjer feilgrep

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

1 Kommentar

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*